Det brenn langt oppe i fjellsida på Haugen i Eid.

Vitne fortel til Fjordenes Tidende at det har vore enormt med lyn og tore i Eid i ettermiddag.

Og mykje tyder på at det er det som kan ha ført til brann langt oppe i fjellsida.

Vitne fortel at det brenn i eit stort område, og at det er mykje røyk.

Politiet i eid stadfestar at det er mobilisert mannskap som vurderer korleis dei skal få sløkt brannen.

Det er tørt etter mange dagar med lite nedbør.