Venner av Selja kloster står bak utstillinga i det gamle kommunehuset i Selje i sommar.

– Her er tilbod for dei som vil studere klosterhelgen og Selja-historie, seier Gerd Kjellaug Berge, som er ein av dei frivillige omvisarane.

Sju-åtte rom er tekne i bruk med ulike tema, der ein mellom anna kan møte ei av dei ortodokse abbedissene, studere munken Ole si boksamling, sjå på fine foto frå Sunnivaleia og Vestlandskysten eller nyte det heilt spesielle rommet med dagens flotte tilbod frå Stadt Naturguiding og møblar og kunst som Rita Borgundvåg har laga av rekved og gjenbruksmateriale.

Eit stort rom er fylt med informasjon om tusenårsjubileet i 1996 og 1997 der både biskopen av Selja og kong Harald var til stades, og Riksantikvaren er representert med eigen utstilling.

– Flatraket Barnehage har fått sin spesielle plass på utstillinga med eit imponerande arbeid mellom anna med trolldeig. Det er kjekt at ungar brukar soga om Sankt Sunniva til kreativ aktivitet, seier Berge.

Utstillinga er eit gratis tilbod i Selje sentrum der folk kan stikke innom og ta ein pust i bakken.

– Det er godt med besøk på utstillinga og stor begeistring, seier Berge.

Ho legg til at dette tilbodet bør også bygdefolk og folk frå nabobygdene nytte seg av.