May Liza Johansen frå Eid har lada opp til årets norgescup i havfiske i Måløy i helga med kveitefiske i Tromsø.

Johansen håpar å kunne gjenta suksessen ho hadde i fjor, då ho både vann dameklassa i noregscupen i havfiske begge dagane, og fekk den nest største fisken i heile cupen.

– Eg konkurrerer alltid, om eg er med i ein konkurranse eller er ute åleine, seier ho.

Varma opp

– I fjor hadde eg ingen mål om å vinne, men enda opp med å vinne begge dagane og få den nest største fisken. I år ønskjer eg å vinne, men eg prøver å ikkje fokusere så mykje på det. Eg gler meg til å treffe att mange av dei som var med i fjor, og å ha det kjekt med sjølve fiskinga, seier ho.

Under fisketuren til Tromsø var fire av medlemmene i Nordfjord Havfiskeklubb med. Der fiska dei etter kveite. May Liza fekk fire, der den største var på heile 30 kilo.

– Kveite er desidert den tøffaste fisken å fiske i Norge. Eg kan ikkje beskrive følelsen det var å få ei på 30 kilo på kroken. Dei er så sterke at å få ei kveite på ti kilo er mykje meir spennande enn å få ein torsk på 40, fortel ho, og legg til at gjengen frå havfiskeklubben fekk lære eit triks eller to på turen.

– Vi fekk lære ein del om kveitefiske som er gode å ha til seinare. Men så er ikkje kveitefiske på Vestlandet like bra som i Nord-Norge. Der er det jo kveiteeldorado, seier Johansen, som opphavleg kjem frå Tromsø.

Fiskeinteressa til Johansen kom med morsmjølka.

– Eg har alltid vore glad i å fiske, heilt sida eg var ei lita jente. Eg har fiskestong på kontoret på jobben, og av og til tar eg ein tur i lunsjpausen for å fiske, ler ho.

Teknikk

Johansen fortel at det er fleire måtar ein kan førebu seg før ein fiskekonkurranse.

– Der er mange ulike teknikkar og agn som kan brukast. Du må setje seg inn i kva utstyr og teknikkar som gjev deg den fisken du vil ha, fortel ho.Måløy Havfiskefestival er no til helga, og Nordfjord Havfiskeklubb arrangerer to havfiskekonkurransar i noregscupen. Den vil gå føre seg fredag og laurdag, med innveging på torget kvar ettermiddag.