Bryggja pensjonistlag stiller som frivillige til å vere vakter under MOT-konserten som ungdomsrådet arrangerer fredag.

– Vi er beste- og oldemødre, så vi er vande med å vere saman med ungdommar. Det skal ikkje bli noko problem, seier leiar i Bryggja pensjonistlag, Margunn Ervik.

Åtte av dei i alt 60 medlemmene har sett av fredagskvelden til å vere vakter. Ungdomsarrangementet skal vere i festivalteltet fredag i samband med Måløy Havfiskefestival.

Samarbeid

– Vi fekk førespurnad frå frivilligsentralen i Måløy om vi kunne stille som vakter, og det sa vi ja til, seier Margunn Ervik, som trur det blir eit kjekt arrangement å vere vakt på.

Daniel Gangeskar, som er leiar for ungdomsrådet, synest det er kjekt at pensjonistane stiller opp.

- Vi er veldig takknemlege for at dei har lyst til å bidra, og eg trur kvelden kjem til å gå veldig bra. Det er viktig å ha eit arrangement tilpassa ungdom, slik at dei også kan delta på havfiskefestivalen på ein trygg og kjekk måte, seier han.

– Trygt og kjekt

MOT-konserten er eit rusfritt arrangement der DJ Kenneth Bjerke står for musikken i festivalteltet. Det vert òg moglegheit for å køyre RIB-båt frå Torghopen.

– Vi ønskjer å bidra til ein kveld med eit trygt og kjekt miljø, slik at foreldre ikkje skal vere redde for å sende ungane sine, seier Ervik, som påpeikar at dei ikkje kjem til å vere overkontrollerande som vakter.

– Vi skal heller gøyme oss litt og vere der om det skulle vere noko gale eller nokon skulle trenge hjelp. Ungdommane skal få styre seg slik dei vil, seier ho.

Årleg arrangement

Dette er fyrste gong pensjonistlaget er med på ein slik type arrangement, men dei ser ikkje vekk frå at dei vil gjere det igjen.

– Grunnlaget for å kunne ha eit slikt arrangement er jo at vi har nok vakter og andre frivillige for å kunne gjennomføre på ein trygg og god måte. Eg håpar jo at dette kan bli eit årleg arrangement framover, og då er det veldig kjekt at det er lag og organisasjonar som ønskjer å vere med å bidra, seier Daniel Gangeskar.