Sjølv om terrorfaren er justert ned, vil politiet framleis bære våpen, også her i Sogn og Fjordane.

Fungerande politimeister i Sogn og Fjordane, Bjørn Larsen, seier til NRK Sogn og Fjordane at dei vil gradvis justere ned beredskapen inn mot ein normalsituasjon i løpet av nokre dagar.

– Det er ikkje tvil om at dette er krevjande for heile politiet som organisasjon. Dette er jo også ein periode av året der politiet også avviklar ferie, så det har vore krevjande, men vi har klart å oppfylle dei forventningane som sentrale styresmakter har sett til oss, seier Larsen til NRK.

Beredskapsdirektør i Politidirektoratet, Kaare Songstad, var tysdag ettermiddag klinkande klar på at situasjonen framleis er alvorleg, sjølv om ein no vil setje meir politiressursar inn på etterretning.

– Det vil framleis vere både væpna sivilt og synleg politi, men frå og med tysdag normaliserer og reduserer vi politiberedskapen gradvis. For den vanlege borgar så betyr dette at det framover vil bli mindre politi ute i gatene, sa Songstad.