Ein bilførar vart torsdag fotgjengar etter at han suste inn i Utrykkingspolitiet sin radar i 86 kilometer i timen i 60-sonen på Fv 61 i Fiskå i Vanylven.

Dermed måtte han levere frå seg førarkortet.

Men denne føraren var ikkje den einaste som køyrde for fort.

Heile 31 bilførarar braut fartsgrensa og fekk forenkla førrelegg på ulike beløp.

UP hadde også fartskontroll på FV 61 i 50-sona i Eidsvik.

Her vart det skreve 5 forenkla førelegg, og høgste fart var 69 kilometer i timen.