Viking- og kulturhistoria på Nordfjordeid skal fram i lyset. Den nye Sagaløypa vil stå ferdig i sommar.

– Sagaløypa er eit naturleg namn, og er opphaveleg knytt til den rike vikingshistoria og gravhaugane vi har her på Nordfjordeid. Men gjennom løypa tar vi med litt meir av historia til Eid, seier prosjektleiar Gerd Fløde Bjørlo.

Sagaløypa vil gå frå Sagaparken til Lunden med sju skilta stopp undervegs. Her kan du følgje historia til dei levde liv, frå vikingtida og heilt fram til i dag.

Kyrkja

– Vi startar ved Sagaparken med Eid si kulturhistorie, og viser vidare til kyrkja. Der vi tar for oss kyrkjestaden Eid og kristninga av Nordfjord med Olav Tryggvason, og vi viser til spelet på Dragseidet, fortel Bjørlo.

– Det var naturleg at ein slik storgard hadde si eiga kyrkja. Elles tar vi for oss kyrkjene på 1600-talet og Tidendesteinen, fortel Bjørlo.

Trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata er naturleg del av historia til tettstaden. Ved vikinggrava Rundehogjen er eit nytt skilt, med opplysning om kongegrav i Nordfjord og det brente skipet. Her vil ein også lage ny gangveg og ein liten park.

– Dette håper vi å få gjort mest muleg av i år. Det blir gangveg mellom husa før ein kjem inn i Tverrgata, fortel ho.

Heilag lund

Sagaløypa kryssar riksvegen, før den følgjer gangveg til Skjoratippen og Myklebust.

– Ein meiner høgdedraget hadde ein religiøs funksjon. Her har ein god utsikt over Nordfjordeid, og vi lagar kart over dei største setrane i fjella rundt. I Lunden blir det også ein benk å sette seg ned.

– Vi håper både nærmiljøet og turistar vil bruke den kulturhistoriske løypa flittig. No er ein i sluttspurten med arbeidet, skilta er under produksjon og offisiell opning vil verte ein gong før Malakoff, fortel ho.

På skilta vil det også vere lydfiler til hjelp for synshemma, og det blir også informasjon på engelsk og spansk.