– Amcar-treffet er det aller kjekkaste som skjer i Svelgen, seier dei bilfrelste brørne Simen, Sindre og Svenn Vågene.

I helga arrangerte Svelgen Amcarklubb Svelgentreffet for 24. året på rad, og rundt 80 amerikanske bilar pryda sentrum til stor glede for både lokale og tilreisande Amcar-entusiastar.

– Vi er med på Svelgentreffet kvart år, og det er like kjekt kvar einaste gong. Vi synest bilane er kjempetøffe, fortel tre brør frå Sande, Simen (10), Sindre (5) og Svenn (11).

Kult å få «cruise»

Saman med fleire andre hadde dei sett opp eige salsbord under treffet og tente gode pengar på å selje leikebilar.

– Vi var også og såg på motorshowet og minidrag-racet på ferjekaia. Det var utruleg kult, fortel dei. – I tillegg var det gøy å få sitte på i nokre av dei kule bilane under Cruise for born, supplerer Åmund og Ådne Vårdal som også er blant dei mange lokale borna som diggar AMCAR. Anneli Norevik og Svein Sagdebakken hadde teke turen frå Høyanger og ville skrive under på at Amcar-treffet i Svelgen nok ein gong blei ein suksess. – Helga har vore kjempefin! Vi likar oss i Svelgen, og prøvar å komme hit å vere med på treffet kvart år. Det er eitt av dei kjekkaste treffa vi er på i løpet av eit år, fortel dei.

Uheldig med stengd tunnel

President i Svelgen Amcarklubb, Christian Gulhaugen, var også nøgd med helga, sjølv om ikkje alt gjekk etter planen.

– Vi hadde gleda oss veldig til å vere siste stoppestad for Firdaløpet, men sidan det var usikkert når Magnhildskarstunnelen ville opne etter bilbrannen fredag, valde arrangørane ei anna rute, seier Gulhaugen som fortel at treffet også mista andre deltakarar som følge av stenginga.

– Det var veldig synd, for vi hadde jo kalkulert med at omtrent dobbelt så mange skulle komme, men slik er det. Det blir eit greitt overskot uansett. Og elles har helga vore ein kjempesuksess. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar og folk har oppført seg veldig fint, seier Amcar-presidenten, som fortel at det er mykje som skal haldast orden på, og lite søvn i løpet av ei slik helg.

– Vi er blitt rutinerte etter kvart, og neste år feirar vi 25 års jubileum. Då skal vi som arrangerer vere med på moroa også, og alt vert nok lagt opp på ein litt anna måte, smiler Gulhaugen, som oppfordrar til å rydde kalenderen til treffet neste år allereie no.