Trass i at berre sju publikummarar møtte på konsert i Eid kyrkje laurdag, er kantor og organist Ralph Cupper fornøgd.

– Det er fleire enn på den første konserten i fjor, og då enda det opp med over femti publikummarar på den siste konserten, fortel han. Det var Cupper som stod for den første konserten, medan kyrkja får besøk av andre kantorar dei neste seks laurdagane.

Stor konkurranse

Kantoren seier at det ikkje er uvanleg med ein litt treig start, og at det er ei utfordring å gjere konsertane kjende slik at folk hugsar på dei.

– Sjølv om konsertane har blitt arrangert i ei årrekke, er det likevel vanskeleg å få folk til å kome i byrjinga. Han peikar på at det skjer mykje på kulturfronten, og spesielt innanfor musikk. – Vi har jo mellom anna Operahuset som husar mange arrangement, og så er det jo berre opp til den enkelte å finne ut kva dei vil gå på, seier Cupper.

Vil underhalde

Cupper fortel at dei ynskjer å underhalde med konsertane, og målet er at publikum skal kose seg.

– Dei som kom på laurdag hadde det veldig kjekt, og vi har jo lyst til at fleire skal få oppleve det same, fortel han. Cupper seier at mange trur musikken er kjedeleg, men sjølv meiner han det er variert.– Alle har sin eigen stil, og det er langt ifrå kjedeleg. Eg har ein underhaldingsstil, og køyrer på med festmusikk, fortel Cupper. Han meiner det er viktig at både musikken i seg sjølv og formidlinga er tiltrekkande og spennande.

Ulike stilar på programmet

Med ulike organistar kvar gong kan ein også vente seg forskjellige musikkstilar. 23. juli kjem Jarle Grotle frå Bremanger, og 6. august avsluttar Jon Inge Sigerland frå Selje det heile. Cupper fortel at Grotle er komponist, og litt «folkprega». Sjølv skal Cupper spele ein konsert til 30. juli, og han seier at det ikkje var problem å få tak i organistar.

– Vi fekk ja med ein gong vi ringde, og vi gjer gladeleg slike tenester for kvarandre. Det er slik ein er nøydde til å jobbe dersom ein skal få ting til å skje på små plassar, konstaterer Cupper.