Wanja Lien og Mona Austring kjempa mot sine eigne tider då dei saman med rundt 70 andre deltok i triatlonet Selje Challenge denne helga.

– Mottoet er eitt år eldre, men ikkje treigare, seier Mona Austring og Wanja Lien før start.

– Vi er med for å ha det kjekt, plassering er ikkje så viktig. Så lenge tida er betre enn i fjor, smiler dei og legg til:

– Og uansett korleis det går så er Selje Challenge eit skikkeleg kjekt tiltak.

Johanne og Klara Helgesen Rutledal hadde teke med seg tante Christine Helgesen Haugen på Selje Challenge for å heie på foreldra som deltok i det som på folkemunne vert omtala som Norges flottaste triatlon.

– Vi heiar på mamma Helga og pappa Isak, seier dei stolt medan dei ventar på at sykkelfeltet skal suse forbi.Helgesen Haugen fortel at søstera og ektemannen deltek for første gong, og at målet er å slå seg sjølv og eiga tid neste år.

– Det einaste ein kan gjere noko med er korleis ein sjølv presterer, seier ho.

Arrangør Jan Vidar Smenes var godt nøgd med årets triatlon sjølv om skodde på toppen øydela for utsikta. Han både håpar og trur at dei kan halde på tradisjonen i åra framover.

– Så lenge folk er positive, og så lenge der er interesse for eit triatlon, er det kjekt for oss å arrangere. Slik det ser ut no kan vi halde fram i mange år til, fortel han.

Og sjølv om Selje Challenge er ein konkurranse med tidtaking, resultatliste og premiar, understrekar også arrangøren at det absolutt viktigaste er den sosiale biten og konkurransen med seg sjølv.

Det blei også arrangert MiniChallenge i Selje laurdag, der 55 born fekk ein liten smakebit av triatlon-løypa.