Namn: Linn-Judith Beitveit

Alder: 21 år

Bustad: Oslo, men kjem frå Deknepollen

Sivilstand: sambuar

Yrke: student

– Kva skal du i sommar?

– Eg skal jobbe på Kulatoppen omsorgssenter og hos Natas Thaimat heile sommaren.

– Kva er ditt favorittreisemål?

– Nord-aust i Thailand, Khon Kaen, der familien til mor mi bur.

– Korleis skal du kople av i sommar?

– Frivillig tvangstrening med systera mi, Natalie. Og lese Game of Thrones-bøkene.

– Kven ville du teke med deg på sydentur?

– Mamma Nata, sånn at vi kan kople av frå kvardagsstresset og berre nyte livet.

– Kven vil du spandere ei korg jordbær på i sommar?

– Ingrid Bugjerde, læraren min frå barneskulen. Ei fantastisk flott og sterk dame.

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Då eg og sambuaren køyrde Irland rundt i fjor sommar, og sov i telt. Naturen og historia til landet er magisk, samt at folka er fantastiske.

– Korleis vil du beskrive ein perfekt sommardag?

– Grilling i ein park med gode vener, iskald pils, sol på himmelen og med typiske parkaktivitetar som slakkline og kubb.

– Kven beundrar du?

– Familien min. Nata, Roger, Ribekka og Natalie. Dei stiller alltid opp når det trengst, og er aldri lengre vekk enn ei telefonsamtale.

– Kva står på di framside av Fjordenes Tidende?

– Det kjem bru over Vanylvsfjorden, frå Tuevikane til Otnes.

– Kva les du i lokalavisa?

– Les alt som står på nettavisa for å få med meg kva som skjer heime, no som eg bur i Oslo.

– Kva er din favoritt-fjelltur?

– Turen frå Indre Fure til Ytre Fure. Den er flott.

– Kva er din største draum?

– Å få ein god jobb innan design etter studiet.