Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 25. oktober.

- Dette kan verkeleg sette oss på kartet

Tomta på sentrumsfyllinga i Måløy kan få eit spektakulært hotell, nye leilegheiter, kontor, park, badeanlegg, småbåthamn og kulturhus – det mest spektakulære signalbygget på kysten.

Det er måløyværingane og investorane Svein Skibenes og Gunnar Carlson i Måløy Eiendomsutvikling og Sverre Søraa i Coast Seafood som står bak planane som vart presentert for lokale politikarar i Vågsøy og gjennom media sist torsdag.

Prislappen er på svimlande 400–600 millionar kroner. Dei vil vise mogelegheitene ei slik utbygging vil kunne gje, ikkje berre for Måløy sentrum, men for Vågsøy kommune og heile regionen.

Får initiativtakarane med seg kommunen, næringsliv og innbyggarane på dette så er det gjennomførbart og realistisk, og bygginga kan starte allereie i 2018.

Dette er enormt spennande. Det er fantastisk at det finst personar som torer å tenke stort, personar som torer å stikke seg fram og klekke ut nye tankar og som vil utvikle regionen.

Både Carlson, Skibenes og Søraa er inderleg glade i regionen og det er flott at dei vil gje tilbake litt av det dei har lukkast med. Dette kan gje enorme ringverknader for eit stort omland både når det gjeld næringsutvikling, reiseliv og kultur. Dette kan verkeleg sette Måløy og Nordfjord på kartet.

Men då må alle bidra og heie på prosjektet. Alle må vere med.

Dette handlar langt meir enn sentrum i kommunesenteret Måløy. Dette handlar om stor-Måløy, handelsbyen Måløy, som senter for handel, reiseliv og kultur. Her kan det kome ein ny attraksjon og møteplass som kan gje heile regionen eit lyft.