Namn: Kari Leine Balog

Alder: 66 år

Sivilstand: Skilt, tre søner

Yrke: sokneprest i Selje

Bustad: Selje

– Kva er du mest oppteken av?

– Som nokon kjendisar har sagt nyleg - tru aldri at det ikkje nyttar å gjere det gode.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida les eg skjønnlitteratur, plukkar sopp med liv og sjel, driv med eigne skriveprosjekt, likar å eksperimentera med mat. Og så driv eg

med alt som har med pilegrimssatsing å gjere. Eg har nok å drive med!

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar Jesus. Og Kofi Annan. Mama Maggie i Egypt.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Selje er ein fantastisk natur, rik historie og folk som vil noko.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– På mi framside i FJT hadde det stått at Kyrkjekontoret vert nedrent av folk som vil engasjere seg i gudstenestelivet og teikne seg som faste gjevarar.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Om eg var ordførar i Selje ville eg etter fattig evne prøvd å byggje ned byråkratiet.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Den kulturopplevinga eg hugsar best, er konserten med Black Sea Don Cossaks i Selje kyrkje for nokon år sidan. Heilt ufatteleg. Og til sommaren kjem dei igjen.

– Kva har du på nattbordet?

– Nytestamentet, to-tre andre bøker, kryssordblad og tre vekkjarklokker.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– nrk, yr, online, Facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å nå det målet Gud har sett for mitt liv.