Denne påska har vi leita fram nokon av reportasjane frå fjorårets påskeavis. Om du ikkje fekk med deg reportasjane i fjor, eller ønskjer eit tilbakeblikk, kan du no få glede av å lese dei.

Då han blei pensjonist i fjor, fekk han ein metalldetektor, og noko av det aller første 67-åringen fann, var den spesielle mynten datert 1650.

– Og då var eg seld!

Eitt av dei første funna Aage Kvendseth gjorde med den nye metalldetektoren sin var denne mynten frå 1650. Då blei interessa tend for fullt.

Kvendseth har nemleg hatt ei interesse for gamle myntar, som går tilbake til då han som liten gut fann ein romersk sølvmynt. No har han funne fleire ulike myntar med metalldetektoren.

– Eg har funne 3-4 skillingsmyn tar, og kanskje 30–40 andre myntar sidan i fjor sommar. Og det er jo takka vere at eg har fått lov av grunneigarar til å gå rundt og leite, seier han.

Han finn også andre ting. Eit handtak frå ei klebersteinsgryte, jordbruksverktøy, bestikk, ei nål frå folkevandringstida, patronar og ein bronseknapp frå mellomalderen er noko av det Kvendseth har greve ut av jorda på gardane i nærleiken av kyrkja på Davik.

– Eg finn så mykje, men tenk på alt eg ikkje finn!

Snart kjem også ein arkeolog for å undersøkje nærare noko av det Kvendseth har funne. Som medlem av Norsk metallsøkerforening, er Kvendseth nøye med å dokumentere det han finn og melder frå om funna han gjer.

– Vi i NMF er med på å sikre funn som kan vere viktige i historisk samanheng. Vi skal opptre profesjonelt og, i samsvar med Kulturminnevernlova, melde inn funn av gjenstandar datert før 1537 og mynter før 1650. Desse høyrer staten til.

Aage finn alt frå jordbruksreiskap, myntar, hårspenner og bestikk, til boss som gamle brusboksar og omnar.

Kvendseth fortel at det er fleire som har fatta interesse for metallsøking og vil kjøpe seg utstyr.

– Det hadde vore kjekt å starte ei lokalforeining. Då kan ein avtale med grunneigarar, og så går ein fleire i lag. Det er ein fin hobby når ein er pensjonist, seier han.

Kvendseth er utdanna lærar og var rektor i ti år på Hauge skule. Han kjem frå Kristiansund.

– Eg trefte kona mi i Oslo då eg studerte, og vi flytta til Svelgen i 1976. Etter kvart selde vi huset i Svelgen og bygde hus i Davik, ved sidan av hytta vår. Den flytta vi til for seks-sju år sidan. Så no har vi kort veg til hytta, ler Kvendseth.

– Kva drøymer du om å finne?

Alt Aage finn blir omhyggeleg dokumentert og teke vare på. I vår får han også besøk av arkeolog som skal undersøkje nokre av funna hans.

– Alle har eit ønske om å finne noko i gull, men det er nær utenkjeleg. Eg er nok mest interessert i å finne myntar i god behald.

Men han har faktisk funne gull.

– Ein mann mista gullringen sin her på ein gard. Det fekk eg høyre om og gjekk for å leite. Og etter ein times tid hadde den lukkelege eigaren giftering på fingeren att.

Les historia om mynten frå 1650.