– Det var til saman 350 personar som såg revyen, og det var veldig høg stemning i salen begge kveldane, fortel Hallgeir Hamre.

Han er ein del av gruppa Ti aldrande menn, som for tredje gong sette opp revy i påska. To framsyningar hadde kompisgjengen i ungdomshuset Davang i påska. Revyen er tydeleg eit høgdepunkt i bygda.

– På laurdagen greidde vi å få inn 190 personar, og då er det ikkje mogleg å få inn fleire. Det er ikkje noko anna arrangement i Davik som samlar 350 stykke. Det er kanskje knappe 200 som bur her. Folk går mann av huse. Begge kveldane var det eit aldersspenn på 70 år, med publikummarar frå 15 år til 85 år, fortel ein svært nøgd Hamre.

– Det verkar som om folk brukar dette som ein plass å treffe igjen kompisar og venninner. Vi brukar å ha tilreisande frå Leirgulen til Ålfoten, og nytt i år var at det også kom folk frå Svelgen.

Revyen fekk i år namnet «På rett kjøl», og tok føre seg korleis det var å vekse opp på Davik på 1980-talet. I tillegg fekk ein påskekrim, film- og musikkinnslag, besøk av samen Palle Myrås, samt gjensyn med revystjerna Jenny som slo gjennom i førre revy. Jenny blir spelt av Jonny Bakke.

– Når han tek på seg kjolen, går han frå å vere Jonny til Jenny, og då han entra scena blei han møtt med eit latterbrøl. Han er storvaksen og kjem inn med parykk, sminke og kjole. Det tok heilt av, fortel Hamre.

Om det populære innslaget blir med i eventuelle vidare revyar er usikkert.

– Jenny meiner sjølv at ho no må gravleggast, men vi får sjå, humrar Hamre.

Revygjengen fekk elles gode tilbakemeldingar på musikkinnslaga og bandet, som er berebjelken i revyen. Etter revyen fortsette musikken i Davang, med trubadur Torbjørn Gran.

Dei ti aldrande mennene består av ein kompisgjeng med davikarar, og utflytta davikarar, som møtes for å øve til revyen.

– Det er veldig kjekt. Det er det som er drivkrafta vår, å få treffast og vere i lag på desse øvingshelgane.

Fire av dei ti bur på Davik, og seks er tilreisande, og har hytte eller familie på Davik. Først til hausten skal dei vurdere om dei fortset revysuksessen i Davang.

– Vi skal treffast igjen tidleg i haust og finne ut om vi skal gjere dette igjen, eller gje oss, seier Hamre.