Plukkfisk er tradisjonsmat som kjem frå Hordaland og Bergen. Nokon vel å bruke vanleg torsk eller klippfisk i staden for lettsalta torsk som Alexander har brukt. Det er òg vanleg å bruke sei og lyr. Uansett fiskeslag har alt ein ting til felles, det smakar kjempegodt!

Du treng:

600 g lettsalta torsk, kokt og reinska for skinn og bein

10 poteter

2 lauk

1 purre

2 ss smør

Kvit saus:

4 ss smør

4 ss kveitemjøl

1 l mjølk

1 ts. salt

1 ts. malt kvit pepar

1 ts. malt muskatnøtt

Slik lagar du gratengen:

Kok potetene, avkjøl i kaldt vatn og skjær dei i terningar.

Finhakk lauk og skjær purrelauk i tynne skiver.

Smelt smøret i kjele og rør inn mjølet. Spe med mjølk medan du rører og la sausen koke i ca. 10 minutt. Den skal vere forholdsvis tjukk.

Steik lauk i smør til den er blank. Ha i potetterningane og ¾ av purren. Ha i den kvite sausen og vend inn fisketerningane.

Smak til med salt, pepar og muskat.

Sprøsteik bacon i tørr panne.

Server med sprøsteikt bacon og rest-en av purren. Tradisjonelt blir plukkfisk servert med flatbrød og smørauge.