Denne kommentaren er skriven av Ane Barmen, og er en del av Stemplar ut-spalta på sistesida kvar fredag.

Gå til Jesus?

Her ein morgon vakna eg grytidleg med ein song på hjernen, ein eg ikkje har tenkt på på årevis: «Gå til Jesus, møy og mann» frå syngespelet Den store kongen. Vi sette det opp i kyrkja nokre gongar på barneskulen, eit samarbeid mellom Våge-Oppedal, Holvik og Skram. Gudane må vite kvifor eg vakna med akkurat den songen plutseleg så klart for meg. Men eg bestemte meg for å vekke mannen, som straks skulle opp, med litt vakker musikk på morgonkvisten. «Tilbed kongen Jesus Krist, han deg gjev det du har mist!» song eg, litt høgare for kvar setning sidan eg blei oppglødd over kor godt eg hugsa. Det blei ikkje mannen. «Gjekk du på indremisjonsskule, eller?» grynta han surt.

Men på tidleg nittital var det ingen som stilte spørsmål ved at tre barneskular øvde inn eit ultrareligiøst syngespel og framførte i kyrkja før jul. Det var ingen som fekk fritak for det, uansett kva bakgrunn ein måtte ha. Det var berre sånn det var: Ungane skulle lære seg ein haug Jesus-songar og synge dei, punktum.

No er det annleis. Kvart år dukkar det opp nye saker i media om skular som droppar skulegudstenestene før jul. Eller skular som er så redd for å støyte nokon at dei droppar nissehuer og juletregang og song om englane på marka. For dei fleste av oss blir dette ganske absurd, men det seier noko om tida vi lever i. Det er fritt fram for å rope: «Eg er krenka!» eller «Eg trur kanskje nokon andre blir krenka av dette!» ved det minste teikn på religiøse tradisjonar. Og det er vi, kvite nordmenn, som stressar mest.

No skal det seiast at samfunnet vårt har blitt mykje meir tolerant, og det er bra. Men av og til tenker eg at vi kan roe oss litt ned også. Ikkje vere så redde for vår eiga kulturhistorie. Eg er ikkje religiøs, men eg kan ikkje ignorere at eg er oppvaksen i ein kultur som har vore kristen i årevis. Eg er ikkje blant dei som kavar meg opp over at salmesongen er borte frå skulen, men å ikkje skulle snakke om kristendom i det heile blir pussig.

Det er ikkje berre ein religion. Det har styrt samfunnet vårt i mange hundreår. Det pregar språket vårt, kunsten vår, tradisjonane og høgtidene vi feirar. Skal ein forstå korleis Noreg fungerer kjem ein ikkje utanom det vi har hatt som statsreligion i tusen år. Og så må ein hugse på at det er skilnad på undervisning og forkynning. Ei nøytral, grundig framstilling av kva kristendom er, er – etter mitt syn, noko ein treng som allmenndanning i Noreg.

Når det er sagt bikkar vel Den store kongen over på forkynningssida igjen, så akkurat den kan vi kanskje legge på hylla. Med mindre ein tykkjer at «Sæl kvar ein som honom helsar, Kristus, verdsens store frelsar!» er sjukt catchy, då. Spør de mannen min, er svaret nei.