Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 23. februar.

Politiet må rydde opp så folk får kontakt med dei

Alt skulle bli så mykje betre med den omstridde politireforma som vart innført 8. november i fjor. Meir enn tre månader etter reforma så er det mykje som ikkje fungerer slik politileiinga i Vest Politidistrikt skapte inntrykk av at det skulle bli. For ein månad sidan kommenterte vi kor vanskeleg det har vore for media å få kome i kontakt med politiet. Dessverre så viser det seg at vanlege folk også strevar med å få kontakt med politiet.

Nyleg fortalde NRK Sogn og Fjordane om frustrerte innbyggjarar som har dårlege erfaringar med å ringe politiet sitt 02800-nummer etter at operasjonssentralane i Florø vart sentralisert til Bergen. Folk opplever opptattsignal, kø på linja, lang ventetid og vanskar med å kome igjennom til politiet. Mange i Sogn og Fjordane har frykta at det blir lengre avstand til politiet når vi skal konkurrere med store Hordaland og folkerike Bergen. Politileiinga som har gjennomført denne reforma har sagt at politiet skal bli meir synlege, bli nærare og kunne yte betre service. Med dei problema som no kjem fram så fungerer ikkje dette. Resultatet kan vere at folk ikkje får meldt straffbare forhold som skjer eller som har skjedd.

No innrømmer politiet at tilgjengelegheita ikkje er god nok. Dei innrømmer at det er for få linjer inn til vaktsentralen og at dette er forklaringa på problema. Klart folk må få kome raskt fram til politiet når dei har behov for hjelp. Skal vi ha tillit til politiet, og skal dei vere ein viktig samfunnsaktør, så må vi kunne få tak i dei når vi har bruk for dei. Vi forventar at det blir rydda opp i barnesjukdommane. Klarer ikkje politiet sjølve å rydde opp, så må andre inn å hjelpe dei. Slik det er no kan det ikkje vere. Politiet må vere enkle å få tak i.