Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 6. mars.

Det er leit at Helse Førde sitt renoveringsprosjekt går ut over tryggleiken i distrikta

Skal Helse Førde ha råd til å bruke 1,5 milliardar kroner til å ruste opp sentralsjukehuset i Førde, så må det kuttast og sparast på mange område. I desember 2017 vedtok styret i føretaket å kutte drifta med 50 millionar kroner i år. Eit av tiltaka er å fjerne 30–40 årsverk i helseføretaket. Leiinga i føretaket seier dette skal skje ved naturleg avgang, at stillingar der folk sluttar ikkje skal bli erstatta. Det kan ikkje herske tvil om at det må vise igjen i ei eller anna form når så mange skal bli overflødige.

Nyleg vart det kjent at det skal kuttast i ambulansetilbodet fleire stadar i fylket, mellom anna i Vågsøy og i Eid. Ein dagambulanse i Vågsøy skal parkerast i totalt 14 veker og ein dagambulanse i Eid blir parkert i 6 veker. Etter at fødeavdelinga og fleire akuttfunksjonar ved sjukehuset på Nordfjordeid er lagt ned og sentralisert til Førde, så har mange i Nordfjord fått langt lengre veg til sjukehus. Dette er sjølvsagt utfordrande når det oppstår akutte og livstruande situasjonar. Leiinga i helseføretaket har sagt at dei skal styrke ambulansetenesta, og at alle i fylket skal vere trygge. Når det motsette skjer, at dei reduserer ambulansetilbodet, så kjenner vi oss aldeles ikkje trygge.

I Vågsøy hadde ambulansen 850 utrykkingar i 2017. 157 var akutte oppdrag. Med ein bil mindre i drift så må det gå utover kapasiteten når det er færre bilar og færre folk på vakt. Sjølv om folk i Eid har kort veg til Nordfjord sjukehus, så må dei anten til Volda eller Førde for å få akutthjelp. Sist veke vart det kjent at milliardutbygginga i Førde kan bli endå 200 millionar kronar dyrare enn dei planlagde 1,5 milliardar kroner. Det er leit at det gigantiske oppussingsprosjektet i Førde skal gå ut over tryggleik og beredskap i distrikta.