Det første festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal bad dei frammøtte gjestane om å gjere, var å trekke sofagruppene tettare mot scena for å skape nær stemning.

Der oppe stod ein familie på fem. Peder (15) på bass, Runar (18) på gitar, tromme og vokal, Anna (13) på vokal, mamma Hege på vokal og pappa Arnt-Ivar på gitar. Dei var første band ut av totalt åtte innslag frå Kulturskulen, lokale band og det prisvinnande bandet Darling West.

Før festivalen braka laust fortalde mor Hege Lillestøl Naustdal frå scena at dei ikkje hadde fått med ungane om dei ikkje hadde fått velt nokre av songane. Cowboyhattar og skinnvestar humra godt i godstolane rundt om på den gamle gymparketten. Første song ut var Lady Gaga med Million Reasons.

Fullt hus

Nordfjordeids første americanafestival klarte det – fullt hus. Og Americanafestivalen er komen for å bli.

Mellom gamle lampar, raude leppestift og rutete skjorter, svaia publikum frå side til side. Nokon trampa takta, medan andre foreviga konsertane med mobilen.

Familiebandet Naustdals var sett saman for anledninga.

– Det i seg sjølv var kjekt. Kanskje så kjekt at dette er noko vi kan gjere igjen, seier pappa Arnt-Ivar som legg til at då må dei nok øve meir.

– Men det i seg sjølv har ein eigenverdi sjølvsagt, meiner han.

Musikk er ein stor del av kvardagen til familien både i jobb og fritid.

– Alle driv på med musikk i ulike former og det å vere så privilegert at ein kan gjere noko slikt i lag skal vi vere veldig takknemlege for. Det er musikk i heimen heile tida. Og, no når det vart ein ny festival så vart dette ei veldig fin anledning til å ta steget opp på scena saman.

Kulturskulekrut

Unge frå Kulturskulen og erfarne travar spelte songar aleine og saman i skjønne harmoniar, og kanskje dei som imponerte mest var nett Kulturskuleelevane. Med nervane utanpå kroppen fylte dei Gymmen med klokkeklare tonar.

Americanasjangeren er ikkje stor i Eid, men festivalarrangør Naustdal er trygg på at dette miljøet har potensial til å vekse seg større.

– Publikumspotensialet er veldig stort då den er så variert sjanger som famnar country, blues, rock, vise, bluegrass og singer songwriter, seier Naustdal.