Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 13. mars:

Mange har reagert sterkt på byggeprosjektet på Stortinget. Dette byggeprosjektet hadde i starten ei kostnadsramme på 800 millionar kroner. No er prosjektet kome opp i svimlande 2,3 milliardar kroner og blir omtala som ei skandale som synest å vere heilt ute av styring. Det er Stortinget som har hatt ansvaret for oppussingsprosjektet og bygging av den nye tunnelen inn til Stortinget.

Etter at KrF sist veke sa at dei ikkje lengre hadde tillit til stortingspresident Olemic Thommessen (H), så valde han å trekke seg frå vervet. Mange meiner han burde gjort dette for lengst. Det er ikkje tvil om at Thommessen har eit stort ansvar i denne byggeskandalen. Men det må vere langt fleire som har bidrege til at prisen på dette prosjektet er blitt mangedobla. I sosiale media har NHO-toppen i Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang si samanlikning mellom tunnelen inn til Stortinget og Stad skipstunnel ført til stort engasjement. Stang peikar på at tunnelen inn til den norske nasjonalforsamlinga kostar nesten like mykje som prisoverslaget til verdas første skipstunnel. Stortingstunnelen er komen opp i 2,3 milliardar kroner. Stad skipstunnel skal koste 2,7 milliardar kroner. Dette er ei god og relevant samanlikning.

Sidan den første ideen om ein skipstunnel starta på 80-talet, har prosjektet vore gjennom 19 utgreiingar for å sikre blant anna at samfunnet har nytte av tunnelen. No går prosjektet gjennom ein ekstern kvalitetskontroll, før Stortinget kan gje klarsignal for å starte bygginga. Dette fortel oss at politikarane ikkje er så opptekne av styring og kontroll av eigne prosjekt. Og det er sjølvsagt mange andre i samfunnet som kunne tenkt seg litt av milliardane som har gått med til å bygge stortingstunnelen. Dette har svekka tilliten til dei som styrer.