– Det var litt merkeleg, men samtidig kjekt å ta imot ein sjekk på 50.000 kroner. Eit stort ansvar, seier leiar Isak Dombestein (14) i Troda 4H på Davik.

4H-klubben vann nyleg arkitekttenester, prosjekthjelp og 50.000 kroner til å bygge sin eigen draumeplass utandørs.

Tysdag var derfor alle dei 15 medlemmane i Troda 4H ute i Langedalen ved Davik for å sjå på området der dei skal få lage seg sin eigen draumeplass.

Der var også arkitekt Bjørn Are Vollstad, prosjektleiar Hanna deGroot og Åge Avedal, dagleg leiar i Sogn og Fjordane 4H.

Alle generasjonar

Hensikta var å starte prosessen med å kome fram til korleis draumeplassen kan bli.

– Det var gøy og spennande, seier Isak Dombestein, som fortel dei kom godt førebudd.

– Vi har jo jobba med og tenkt på dette ei tid. Vi veit at vi har lyst å bygge noko som er sånn at vi kan ha overnattingar ute og sove der ein heil gjeng.

– Vi hadde ei slags idémyldring om kva vi kan gjere på staden, supplerer klubbrådgjevar Camilla Nesheim.Nesheim fortel at dei besøkande frå 4H i fylket var opptekne av at ungane sine idear skulle bli høyrt.

– Ungane kom med mange forskjellige forslag, men ingenting er landa enno. Arkitekten skal no ta med seg ideane, lage skisser og kome tilbake i juni.

Ho syntest det var ekstra kjekt å sjå at så mange møtte opp på tvers av aldersgrupper.

Begeistra

– Både arkitekten og folka frå 4H blei ivrige då dei fekk sjå området. Nokre av grunneigarane var der også, og fortalde om gamle dagar. Det er så mykje flott terreng der, og gamle kulturminne i form av steinmurar rundt det som før blei kalla Melkeplassen, seier ho.

Åge Avedal frå 4H synest dei fekk ei fin stund i Langedalen.

– Det var kjekt å sjå iveren frå dei yngste som bygde i veg små modellar av ideane sine med pinnar og ulike ting dei fann i naturen. Samtidig var det spennande å høyre frå dei eldste som sjølve hadde vore med og opplevd plassen då den vart brukt som eit område for å melke kyrne, seier han.

Isak sjølv gler seg til draumeområdet blir ferdig. Han anbefaler alle å bli 4H-medlem:

– Vi får samlast og vere sosiale, vere med på aktivitetar og reise rundt. Det er kjekt.