FOTBALL: (G16 Svelgen - Åsane 1-0) Det er ikkje ofte at kampar på Norway Cup ender 0-0. Det gjorde ikkje Svelgen sin søndagskamp mot Åsane heller, men det var veldig nære på.

Vinnarmålet kom nemleg eit par minutt før slutt, etter ein kamp som bølga frå side til side i 2 x 20 minutt på det våte underlaget i ettermiddagstimane på Ekebergsletta.

Stor jubel

Det var voldsom jubel då ballen nådde nettet bak Åsane sin keeper, sjølv om vi snakkar om den aller fyrste kampen i Norway Cup og ikkje ein avgjerande sluttspel-kamp.

- Det føltes utruleg godt, og eg skreik av full hals då eg såg at ballen gjekk inn, seier kaptein og matchvinnar Martin Skaar.

Tett oppgjer

Det vart altså ein svært jamn kamp mot Bergen-laget.

- Eg følte at vi pressa godt, og vi hadde litt fleire sjansar enn dei, fortel kapteinen.

Han og resten av Svelgen-laget visste lite om Åsane-laget på førehand, sjølv om dei kjem frå ein tradisjonsrik klubb frå byen mellom dei sju fjell.

- Vi visste at dei hadde oransje drakter, og det er det, smiler Martin.

Frykta uavgjort

Det var spesielt for Svelgen-trenar Kjell Åge Bueie å stå på sidelinja å sjå at ballen ikkje ville inn under søndagens kamp.

- Eg frykta uavgjort, men det var kjekt for gutane sin del at dei fekk det til til slutt, seier Bueie.

Dei fleste kampane på Ekebergsletta i innleiinga har mange mål, men altså ikkje denne.

- Vi hadde fleire sjansar, men det ville seg ikkje. I tillegg hadde Åsane ein veldig god keeper, fortel trenaren.

Han tykkjer at Svelgen-laget spelte godt søndag.

- Vi kjempa godt og spelte bra. Laget er slett ikkje rustent sjølv om det er sommarferie, seier Bueie som hadde tre treningar med laget før avreise mot Ekeberg.

Ekstra kick

Laget spelar 11'er-fotball i serien heime, men under trening spelar dei ofte sju mot sju. Då får dei drilla eigenskapane som er gode å ha med seg til verdens største fotballturnering i Oslo. Der er det moro å spele fotball for ungdommane frå Svelgen.

- Det er sommarens høgdepunkt for mange av dei, både dei som har vore her før og ikkje. Det er veldig sosialt, og vi treffer også andre spelarar på skulen på Holmlia der vi bur. Litt jentebekjentskap blir det sikkert også, ler trenar Kjell Åge Bueie som saman med laget skal prøve å få med seg Leirgulen/Davik, Askvoll og Florø sine kampar også under oppholdet.