FOTBALL: Dei to jentelaga frå Tornado Måløy som reiser på Norway Cup denne veka, har med seg en stor heiagjeng.

– Nesten alle spelarane på laget skal ha med seg nokon som vert med og heiar. Vi er ein del spelarar, så til saman blir det veldig mange frå Måløy som reiser, fortel Sara Silden.

Ho spelar på jenter 14-laget til TMFK som set kursen mot Oslo denne veka.

– Halvparten av spelarane på dei to jentelaga som reiser er på ferie no, og så møtast vi i Oslo til helga, det er kjekt at mange gjer det slik, seier dei.

Drøymer om å vinne

TMFK-jentene gler seg aller mest til å spele fotball framfor eit større publikum enn det dei er vande med heime.

– Det er litt meir prestisje å vinne kampar på Norway Cup enn elles. Og så er det folk som ikkje kjenner deg som ser på, fortel Maria Lade.

– I år drøymer vi om å vinne heile cupen!, seier dei, men legg til at primærmålet er å komme seg til A-sluttspelet.

– Vi har trent mykje betre i sommar enn vi har gjort i feriar før, så det lovar godt i alle fall. Vi er så klare som vi kan bli.

Ser fram til konsertane

Begge jentelaga gler seg til folkelivet i hovudstaden sjølv om dei er einige i at høgdepunktet med cupen er å få spele mykje fotball.

– Det vert veldig kjekt å gå rundt på Ekebergsletta for å oppleve det den har å by på, seier Christine Fjugstad.

Begge laga understrekar at dei kjem til å støtte godt opp om kvarandre sine kampar.

– Det er sjølvsagt at vi skal heie på dei andre laga!

Dette er det lokale lagene som deltar på Norway Cup 2016:

Eid - gutter 17 (11er)

Selje - gutter 15/16 (11er)

Åheim/VanKam/ÅVK  - gutter 15/16 år (11er)

Tornado Måløy/Skavøypoll1 - gutter 15/16 år (7er)

Tornado Måløy/Skavøypoll2 - gutter 15/16 år (7er)

Tornado Måløy - jenter 15/16 (7er)

Åheim - jenter 15/16 (7er)

Selje - jenter 15/16 (7er)

Tornado Måløy - gutter 14 (7er)

Tornado Måløy - jenter 14 (7er)

Eid - jenter 14 (7er)

Leirgulen - jenter 14 (7er)

Skavøypoll - gutter 13 (7er)