Fleire aldersgrupper en tidlegare får tilbod om å vere med på den årlege fotballskulen til Eid fotball i august.

Til no har det vore dei borna som skal ta til i 2.klasse som har vore dei yngste deltakarane på Tine fotballskule på Eid Stadion. Denne gongen får også dei som skal begynne på skulen no i august vere med.

- Det er etter forespørsel frå foreldre som ønsker at borna skal få vere med, at vi no opnar opp for dei som er fødde i 2010 og 2002 også, fortel Bjørn Totland i Eid Fotball.

Han legg til at det ikkje er lite påmelding som gjer at tilbodet no vert utvida til fleire.

Det er primært A-lagsspelarane til Eid som skal vere instruktørar på fotballskulen som går over tre heile dagar.

Fotballskulen vert i år som tidlegare arrangert i veka før skulen tek til att.