– Berre det å bevege seg er det aller kjekkaste med turn, synest gjengen med 11-åringar i turngruppa til Eid IL.

Turnjentene meiner fleire burde bli med i turn.

Med arabar flikk flakk og luftige salto med heilskru og halvskru vart det ei fartsfylt turnoppvisning. Her kom foreldre, sysken, besteforeldre og vennar for å sjå dei lokale turnarane sine prestasjonar i den tradisjonsrike nyttårsoppvisninga.

– Turn er kjekkare enn nokon annan sport. Det er så allsidig, og så er det kjekt å vise fram kva vi kan. Men her er plass til fleire. No er det også nokre gutar som har slutta med fotball og har begynt her i staden, fortel Jakob Melheim Jensen (14).

– Å hoppe er det kjekkaste, men vi øver litt heime på å stupe kråke – både i sofaen og i senga, smiler Vilja Hatlenes (6) frå Davik.