Idrettslaget trur eit nytt automatisk registreringssystem er noko av årsaka til auka i aktiviteten.

– Trimgruppa ved Stadlandet IL innførte i 2016 eit automatisk registreringssystem kalla Georeg. Man bruker då smarttelefonen til å registrere toppane, og så blir det automatisk overført til ei felles liste på Georeg.no. Der kan ein konkurrere med andre eller med seg sjølv. Fjelltrimgruppa sparer også veldig mange timar på oppteljing og kan heller bruke den tida på løypevedlikehald, skriv idrettslaget i ei pressemelding.

Dei fekk heile 97 som registrerte seg første året, og håpar på fleire i 2017. I konkurransen for 2016 blei Heidi Anita Årsheim vinnaren i kvinneklassen, med 1.063 poeng og 519 toppar. Kristian Sjåstad Krøvel vann herreklassen med 1.000 poeng og 458 toppar. I jenteklassen vann Andrea Årsheim Bakkebø med 296 poeng og 140 toppar. Mikael Dalsbø vann guteklassen med 45 poeng og 22 toppar.

– Bak vel 1.000 poeng ligg tur på tre toppar annankvar dag heile året, skriv idrettslaget.