– Vi byggemelder strekninga frå Toyota til Dalsneset i desse dagar, fortel Jørgen Blålid, som er leiar for prosjektet.

Meir tilgjengeleg

Planane til tur- og friluftsgruppa inneber ei turløype som startar ved Toyota, går inn til Dalsneset, kryssar Polljavatnet med ei flytebrygge over til Måløy Storsenter og tilbake til Kiwi.

Flytebrygge: For å unngå ura på nordaust-sida av Polljavatnet har prosjektgruppa valt ei løysing der ein kryssar vatnet med ei flytebrygge. Illustrasjon: Nordwest3D

– Grunnen til at vi går for ei løysing med flytebrygge er for å unngå ura på nordaust-sida av vatnet. Om vi skulle gjort noko i dette området ville det fordyra prosjektet med tanke på geologundersøkingar og rassikring, forklarar Blålid, som no er glad for å kunne presentere turløypeplanane til prosjektgruppa som består av han sjølv, Håkon Vederhus, Kristian Todal og Kenneth Oksholen.

– Dette er eit område som er mykje brukt i dag, men som er vanskeleg tilgjengeleg. Prosjektet vil løyse ut området, seier Blålid, som understrekar at løypa ikkje skal kome i staden for trimløypa i Måløy, men som eit tillegg.

– Vi vil bidra med noko positivt for heile kommunen, og har med oss nok grunneigarar til å starte bygginga.

Budsjett på 3 millionar

Blålid peikar på at dei ser føre seg 2.000 potensielle brukarar av turløypa.

– Området ligg nær barnehage, skule og bustadfelt. Vi er i kontakt med skulen for å få til eit samarbeid og inkludere dei i arbeidet vidare.

Prosjektgruppa budsjetterer med at det vil koste om lag 3 millionar kroner for to kilometer med turløype.

– Dette blir ikkje ein tursti med plass til ein i breidda. Her blir det ein turveg med to til tre meter bruksbreidde.

Skoging: Arbeidet med å rydde skog i området der den to kilometer lange turløypa skal starte, har allereie begynt. – Her blir det ein turveg med to til tre meter bruksbreidde, seier gruppa.

Tur- og friluftsgruppa søkte Vågsøy kommune om 1 million kroner til prosjektet, og fekk eit tilskot på 200.000 kroner. Gruppa har også budsjettert med å få 1 million kroner i Tippemidlar, når søknadsfristen går ut 15. november i år.

– Utfordringa er at dette ikkje er ein organisert aktivitet. Det er ikkje slik at folk melder seg inn å betalar for å nytte seg av løypa. Difor må vi skaffe pengar på anna vis. Om vi har eit prosjekt som held mål kan vi få ei tildeling gjennom ordninga med Tippemidlar. Der får ein dekka 50 prosent inntil 1 million. Det positive er at ein får utbetalt 80 prosent ved tildeling, og ikkje etter at prosjektet er ferdig, forklarar Blålid.

Får lokal støtte

I tillegg til kommunale tilskot og Tippemidlar ønskjer gruppa å få med seg lokale sponsorar.

– Vi har allereie blitt kontakta av lokale aktørar som ønskjer å vere med på prosjektet utan at vi har gått ut og bedd om det. Så det tar vi som eit veldig godt teikn og noko vi blir motivert av, fortel Blålid, og legg til:

– Kommunen har vore veldig velvillige. Vi har fått knallgod hjelp frå dei vi har vore i kontakt med. Ordføraren har vore med på ein presentasjon av prosjektet og Odd Gunnar Myhre (tenesteleiar Kultur i Vågsøy kommune) har hjelpt oss. Vi trur at viss vi samarbeider med folk rundt oss, offentleg og privat, så kan vi få laga noko som er bra for alle innbyggarane.

Blålid seier at det framleis er faktorar som må på plass.

– For utan økonomi må grunneigarane vere med. Vi trur at når lokalmiljøet ser at vi får det til og kor bra det blir, så vil det dra med seg velvilje, og vi kan ekspandere vidare, seier han, og viser til at dei har planar om at turløypa på sikt kan strekke seg heilt til Kulatoppen, og at ein kan få på plass gapahukkar og kvileplassar langs løypa.

– No har vi motivasjon til å køyre på vidare. Dette prosjektet har stor breidde og alle kan bruke løypa, frå dei yngste til dei eldste.