– Det er ein veldig fin jobb der ingen dagar er like. Ein har stor fridom til både å styre dagane sjølv og sette i verk ting som ein sjølv synest er spennande, seier Eirik Rutledal.

Raudebergaren som starta i jobben i Åkrehamn for snart tre år sidan, har ikkje lagt fotballskoa på hylla, men spelar no mest for den sosiale biten.

– Eg spelar på andrelaget på Åkra og har vore med i to år. Vi har rykt opp begge åra, og eg har sjølvsagt min del av æra for det, ler han.

Familien: Det var kjærasten Terese, her med dottera Lydia, som gjorde at Rutledal flytta til Åkrehamn.

SK Nord på Karmøy er ein fotball- og handballklubb med ei lita allidrettsavdeling. Fotballen er i femte divisjon, og kvinnelaget i handball i fjerde divisjon. Fritidsordninga med fotball og handball som dei starta med ved skulestart er eit populært tiltak med 70 deltakande barn.

– Vi har 550 fotballspelarar, 200 handballspelarar og rundt 70–80 på allidrett. Og her nede er vi tredje største idrettslag på Karmøy, fortel Rutledal.

I lag med sportsleg leiar er han ein av to fulltidstilsette i klubben.

Rutledal (nr. 3 framme frå venstre) har spelt på andrelaget til Åkra dei to siste åra.

– Eg brukar mykje tid på økonomien, opp imot sponsorar og medlemmer. Vi har ei omsetning på litt over 5 millionar. Vi har gode fasilitetar og god økonomi som gjer at det er veldig lett å drive klubben. Her er midlar til å gjere det ein har lyst til, fortel 40-åringen.

Bortsett frå tre kampar for Nord i fjerdedivisjon, og at han no spelar for Åkra2, har det vore Tornado og Tornado Måløy som har vore klubben for Rutledal. Han følgjer sjølvsagt med på kva som skjer heime, og reiser heim tre-fire gongar årleg.

– Det var veldig viktig for TMFK at dei overlevde. Suksessen på hausten såg bra ut, og eg har tru på ei bra framtid om dei fortset i same sporet framover.

Han synest det både er godt og litt kjedeleg å sitte utanfor å følgje med på TMFK.

– Eg saknar å vere på kampane og det rundt, men samtidig så er det godt å ikkje ha det. Ein har større fridom no, seier Rutledal.