– Eg forventar at det blir hardt, samtidig har eg gått veldig mykje på ski, og eg likar å ta meg ut. Eg gler meg heilt sinnssjukt, seier Rosing.

Fredag gjekk startskotet for det tre dagar lange løpet som går ved polarsirkelen på Grønland, der ein går 5 mil kvar dag i 15 minusgrader, og overnattar på basecamp. Det er første gong ho deltek, men ho er på ingen måte ny i langrennssporet.

– Utgangspunktet for deltakinga mi er at eg var aktiv langrennsløpar på elitenivå i 15 år. Men eg har ikkje konkurransemessige ambisjonar, eg går mitt eige løp. Det er først og fremst for å delta, seier Rosing.