22. og 23. april er det nemleg klart for årets barneturnstemne i Sogn og Fjordane, og vert Måløy Idrettslag tek imot totalt 1.263 besøkande for ei helg fylt av turn, aktivitetar og moro. Leiar for komiteen Toril Eide Tennebø, medgir at ho kjenner litt på nervane, men ho er sikkert på at det kjem til å gå bra.

– Absolutt. Vi har begynt planlegginga for lenge sidan, og dei ulike komiteane har gjort ein god jobb. Når helga kjem, skal vi vere klare.

Frå våre lokale turnlag er det påmeldt 27 frå Flatraket, 107 frå Eid, 89 frå Måløy og 75 frå Skavøypoll. Stemnet startar med defilering gjennom Måløy sentrum laurdag formiddag. På torget stoppar turnarane for å markere den offisielle opninga.

– Etter det vil alle turnarar danse ein «flashmob», eit dansenummer, vi har oppmoda alle gymnastane om å lære seg på førehand. Eg trur det kan bli eit spektakulært syn når nær 1.000 turnarar dansar same dans, seier Eide Tennebø.

Resten av helga blir det oppvisningar i Nordfjordhallen.