Stadlandet Rett Vest blir arrangert for ellevte gong laurdag 20. mai, etter ein pause i fjor.

Eit nytt styre i trimgruppa i Stadlandet IL går på med ny giv og arrangerer trimløpet.

– Vi er spente på om vi no klarar å få det like bra til som ein har gjort før, smiler Årsheim.

Talet på deltakarar har tidlegare år lagt på opp mot 250.

– Men vi stilar stort, så vi vil ha litt fleire i år. Det håpar vi på. Vi har fått nokre påmeldingar, men erfaringsmessig så ventar folk og ser an vêret, seier Årsheim.

– Vi håpar at det kjem kjempemykje folk og at vi får litt hjelp til å dra dette i gang igjen, legg Årsheim til.

– Etter at vi innførte elektronisk registrering på fjelltoppane i fjor, så har interessa for fjellgåing skote fart. Her er det mange potensielle deltakarar, fortel Årsheim.

Stadlandet Rett Vest har eit konkurranseløp som går over fjellet Dragseidet til Ervik.

– Og så har vi same løype for mosjonistar utan tidtaking, seier Årsheim. Løypa er 13,2 kilometer i fint terreng med slake oppoverbakkar.

– Eg har gått turen med ungar på 6–7 år. Det er langt, men fint terreng. Det er ikkje bratte motbakkar, seier ho.

Løyperekorden frå 2011 i herreklassen, på 59.01, står framleis. For kvinner er den 1.12.

– Mosjonistar brukar mellom 1,5 og 4–5 timar om ein tek mange pausar og nyt sikta. Mange mosjonistar kunne godt meldt seg på i konkurranseklassen, vi har hatt mosjonistar som har hatt betre tid enn i konkurranseklassen.

Arrangørane legg til at det er mykje anna ein også kan oppleve på Stad, i tillegg til løpet.

– Ein har surfing i Hoddevika, så ein kan til dømes ta seg ei helg og kombinere løp med surfing. Det er absolutt å anbefale. Og så er det mykje flott å sjå og mange andre plassar å sjå, men vi er jo veldig stolte av platået, avsluttar Årsheim.