– I år er det heilt klart dei som er favorittar med tanke på den forsesongen vi har hatt, og med alle dei spelarane som har gitt seg sidan i fjor, seier Skavøypoll-trenaren, og legg til:

– Men ein kvar kamp er ein ny moglegheit og dei moglegheitene ønskjer ein jo å bruke til å prøve å vinne. Desse nabooppgjera lever sitt eige liv, så det blir no ein batalje.

– Det er klart at vi ser at det berre er tre dagar til neste kamp, og TMFK hadde kamp torsdag, så dei har fem dagar å restituere på. Med eit utrent mannskap så sitte det langt inne for oss. Vi er kanskje ikkje heilt klar igjen til den kampen. Det er litt kort tid mellom kampane når vi må ta ut så mykje som vi gjorde i dag, seier Sandal etter kampen mot Årdal der Skavøypoll fekk sitt første poeng for sesongen. Likevel var dette ein kamp han meiner dei burde ha vunne.

– Vi blei snytt for ei soleklar straffe. No er det andre kampen eg opplever, og eg har ikkje vore med på meir enn to kampar, der vi har hatt dommarar med kampavgjerande handlingar. Vi får offsidemål imot som dei lar gå, og i denne kampen blir vi snytt for eit straffespark. Kva skal til for at vi skal få straffe når vi ikkje får det på dette? Eg har ikkje noko god oppleving av at det er fair play. Det er påverknad frå dommarar som er kampavgjerande, og det er beklageleg, seier Sandal, som likevel er fornøgd med at Skavøypoll klarte å få med seg eitt poeng frå kampen.

– 1-1, det er for så vidt ein jamn kamp, men eg synest vi kunne tatt alle tre poenga. Vi var nærast ein seier, seier Sandal, som understrekar at laget framleis slit med skader.

Poengdeling: Det var store glede å spore blant Skavøypoll-spelarane då Lars Nygård (t.h.) sette inn 1–1 målet, som sørga for at Skavøypoll tok sitt første poeng for sesongen.

I kampen på Skavøypoll stadion var det gjestane som kunne notere seg for den første nettkjenninga etter 33 minutt. Årdal utnytta eit ukonsentrert Skavøypoll-lag i det heimelaget gjennomførte to bytter, og etter mykje om og men i boksen sette til slutt Nicolai Laberg ballen i mål bak Skavøypoll-keeper, Anders Martin Kvalvåg.

– Kampen var jamn og det var veldig unødvendig at vi slepp inn det første målet. Vi er ikkje i posisjon og dei fekk eit billig mål. Det var litt tungt å gå til pause med 0–1 då eg synest vi hadde dei største moglegheitene i første omgang. Men vi var einige i pausen om å ikkje gje opp, og det gjorde vi ikkje.

Det var eit meir offensivt heimelag som gjekk på bana etter pause, og 20 minutt ut i andre omgang fekk Skavøypoll betalt for innsatsen. Etter ein godt slått corner frå Rune Solvang heada Lars Nygård ballen i mål frå bakarste stolpe til 1–1.

– Dette var ein kamp der vi heva oss mykje frå førre helg. Vi vart pressa i første omgang, men vi styrte andre omgang. Vi kunne godt ha vunne, men 1–1 er for så vidt eit godt resultat, seier målscorar Lars Nygård.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Skavøypoll–Årdal 1–1 (0–1)

Mål: 0–1 (33) Nicolai Laberg, 1–1 (65) Lars Nygård

Dommar: Andreas Sandal, Haugen

Gult kort: Anders Martin Kvalvåg, Rune Solvang, Magnus Nore, Sondre Myre Silden, alle Skavøypoll, samt eit til Årdal

Skavøypoll: A. M. Hagen Kvalvåg, L. Eltvik Nygård, B. Yndestad, K. A. Gangeskar, A. Flataker Eldevik, R. Solvang, N. Blålid, E. R. Flataker, M. Tvendeseter Kupen, C. A. Nedreberg Silden, S. Myre Silden

Innbytarar: S. Silden, I. Vattøy, M. Nore, S. Mohanarajah