– Vi har hatt tre lange reise, tre helgar på rad no, så det skal bli godt med ein heimekamp igjen, seier kaptein Karina Trollebø etter 1–5 tapet på Sletta.

Dei siste tre helgene har laget besøkt Sogndal, Balestrand og Høyanger. Og det var eit skuffa TMFK-lag som gjekk av bana søndag ettermiddag.

– Det var ein kamp med mange duellar, og dei var fysisk sterkare enn oss, men vi kjempe heile vegen. Vi er ikkje fornøgde med resultatet, og vi hadde nok ein litt dårleg dag, forklarar Trollebø, og legg til:

– Vi kjempa heile kampen og vi gir ikkje opp. Det blir tungt og vi er skuffa, men dei er rett og slett fysisk sterkare enn oss.

Tidleg i andre omgang fekk TMFK straffe etter at Hrefna Gudrun Gudmundsdottir vart tatt i ein duell i feltet. Stine Teige Nilsen tok straffa, men den blir redda av Høyang-keeperen.

– Vi visste at dei var eit fysisk sterkt lag, men det er ikkje alltid mogleg å gardere seg mot det likevel, seier TMFK-trenar Per Magne Løken, som meiner laget hang bra med i dei første 45 minutta av kampen.

– Då dei scorar tre mål på tolv minutt, då dett hovuda våre, men vi henta oss inn på slutten, samanfattar Løken.

KAMPFAKTA

3. divisjon, kvinner

Høyang–Tornado Måløy 5–1 (2–1)

Mål: 1–0 (11) Ida Katrine Pedersen Nesse, 1–1 (22) Cathrine Eriksen Vedvik, 2–1 (38) Vanja Måren, 3–1 (57) Anniken Pedersen Bernes, 4–1 (60) Pedersen Bernes, 5–1 (69) Anja Pettersen

Dommar: Jegatheesan Jeikishan, Florø

Gult kort: Stine Teige Nilsen og Karina Trollebø, begge TMFK

TMFK: A. Vinge, A. K. Røsok Kvalheim, R. Televik Blaalid, S. Myhre Refvik, F. Nalbant Nordpoll, H. G. Gudmundsdottir, S. Teige Nilsen, K. Trollebø, I. Navelsaker Røed, K-M. Nykrem Hoddevik, C. Eriksen Vedvik

Innbytarar: S. Viken Myre, E. Volle, I. Apneseth