– Det var det første målet mitt i sesongen, så det var på tide. Eg trur det blir veldig bra med nytt dekke. Bana spelemessig er ikkje gale, men med tanke på skade og overbelastning er den knallhard, så det er å tide å skifte ut dekket og få betre underlag, seier Lefdal.

18. mai startar arbeidet med å legge nytt dekke på kunstgrasbana på Eid idrettspark. Det tolv år gamle underlaget er modent for utskifting.

– Dekket er slite i den forstand at det opplevast som hardt. Enkelte plassar er også graset veldig nedslite, forklarar Oddvar Os, som er styreleiar for Eid idrettspark.

– Dei byrjar med å tømme ut gummien og grusen i dekket, og dette skal brukast opp att. Så skal dei rulle i hop det gamle dekket, og ein har tilsvarande prosess når det nye skal på plass. Arbeidet er vêravhengig, men det er stipulert at det skal ta ti arbeidsdagar, seier Os, som fortel at dekket er av same type som ein har bak Valhall.

I den siste kampen på «kunsten» var det raudtrøyene som tok kommandoen.

Etter ei slurvete pasning av Sebastian Grøttå snappa Simen Hamre ballen på rundt 30 meter. Keeper sto langt ute og Hamre sørga for den første nettkjenninga etter 20 minutt.

Bremangarane held på dominansen i første omgang, og åtte minutt seinare skaffa gjestane seg eit frispark, som vart heada i mål av Håvard Mjølkeråen.

– Eg synest vi var bra i første omgang. I andre omgang vart vi litt paniske, og skal liksom forsvare oss til ein 2–0 siger. Det vart som andre omgangen mot Stryn. Vi gløymde å spele fotball, og vi knyt oss. Det må vi sjå på korleis vi skal løyse, seier Tore Rylandsholm.

16. mai reiser Eid til Stryn. Lefdal seier det blir tøft.

– Vi må vere skjerpa frå første minutt. Det er alltid tøft å møte Stryn, men eg håpar at vi er det beste laget den dagen, avslutter Simen Lefdal.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Eid–Bremanger 2–2 (0–2)

Mål: 0–1 (20) Simen Hamre, 0–2 (28) Håvard Mjølkeråen, 1–2 (70) Muktar Rerej Yassin, 2–2 (78) Simen Lefdal

Dommar: Dan Kåre Esp, Eikefjord

Gult kort: Artur Melikyan og Sebastian Grøttå, Eid, samt Ntege Aruna Cone, Bremanger

Eid: E-A. Røysen, S. A. Grøttå, H. Haugen, A. H. Henden, M. F. Yassin, M. E. Henriksen, D. Haus, V. Høynes, H. Holmøyvik, K. Lefdal, S. Lefdal

Innbytarar: A. Melikyan, J. F. Vedvik, E. N. Rosø

Bremanger: T. Løkkebø, T. Hauge, O. Igland, E. Frøyen, H. Mjølkeråen, N. Cone, S. Hamre, E. Rylandsholm, T. Rylandsholm, M. I. Senneset, M. K. Hauge

Innbytarar: V. Senneset, H. N. Rosø