– Det er ikkje ofte at ein som trenar ikkje er skuffa når det blir tap, men i dag er eg veldig fornøgd og stolt over gutane, seier Tanasic.

Selje-trenaren peikar også på at dei prøvde ein ny formasjon i kampen, 4-2-3-1.

– Vi spelte litt annleis enn vi pleiar å spele, og det var vi veldig fornøgde med.

Det var serieleiaren frå Sogn som hadde ballen mest i opninga av kampen, medan Selje låg kompakte i forsvar, og tok overgangane som kom. 1–0 kom etter det medspelarane omtalar som ei fin dragning på 16 meteren av Jonas Beitveit.

Studentspretten svarte raskt, og Selje-spelarane måtte gå til pause på stillinga 2–1.

– Vi bestemte oss for å halde på den koken vi hadde. Då vi kom ut i andre omgang var kampen ganske lik. Vi hadde ein del overgangar, medan vi låg kompakte lågt i bana, fortel Are Berstad som reduserte til 2–2 i det 62. minutt etter ein lang ball frå Johannes Osmundsvåg, som Ingo (da Silva) stussa vidare til Berstad, som var aleine med keeper.

Men det var til slutt laget frå Sogn som hadde mest energi att på lager.

– Dei er eit veldig godt lag, og på slutten set dei inn to mål. Det er synd at vi ikkje klarar å halde på uavgjort, men vi skal ikkje vere så veldig lei oss. Denne kampen var eit godt kollektiv arbeid av oss, seier Berstad.

KAMPFAKTA

5. divisjon, menn

Studentspretten – Selje 4–2 (2–1)

Mål: 0–1 (17) Jonas Beitveit, 1–1 (22) Markus Sletteland Sigvaldsen, 2–1 (39) Malvin Gjerde, 2–2 (62) Are Berstad, 3–2 (83) Gjerde, 4–2 (88) Marius Sander Ødegaard

Dommar: Tommy Skjerven, Kaupanger

Gult kort: To til Studentspretten

Selje: T. L. Larsen, J. A. H. Gulbansen, O. O. Austring, J. Osmundsvåg, J-K. Apelseth, K. A. Hamre, M. Osmundsvåg, J. Beitveit, M. L. Larsen, I. J. B. Da Silva, S. F. Drage

Innbytarar: A. Berstad