I fjor bestemte avtroppande Monsiade-sjef Mons Sandnes, som har drive prosjektet i over 20 år, og også gitt namn til det, at det var på tide å sende stafettpinnen vidare til neste generasjon.

Derfor er det sonen Arne Sandnes som no opplyser at årets Monsiade går av stabelen på Eidsåvoll i Vanylven kommune den 7. juni.

– Dette er Monsiade nummer 22 i rekka, og populariteten for arrangementet er aukande, seier han.

– Er det skummelt å overta eit sånt innarbeidd prosjekt?

– Det blir som å hoppe etter Wirkola, men det er som du seier innarbeidd, så bakken står jo klar. Det blir spennande og kjekt å ta over og vidareføre dette arrangementet!

Inga Lill Henden frå Stadlandet stilte ved start på 400 meteren i 2016, og det var ikkje første gongen ho deltok.

Monsiaden er eit arrangement som let menneske med funksjons- og utviklingshindringar få konkurrere i ymse idrettsgreiner og ulik sport, i tillegg til at ein har fokus på det sosiale med leik og moro.

– Merkesteinane står i år som tidlegare for det musikalske innslaget under arrangementet, med Fjøresteinane som oppvarmingsband.

Rundt 170 deltakarar frå dei sju kommunane på Søre Sunnmøre og Nordfjord-kommunane Selje, Vågsøy og Eid tek vanlegvis del i Monsiaden.

Og den nye Monsiade-sjefen følgjer malen som er lagt.

– Det blir nokre overraskingar i år, men elles har vi valt å halde på det opplegget vi har hatt, seier han.

Prominente gjestar er også årvisst innom Monsiaden, som i år vert opna av ordførar i Vanylven, Lena Marie Landsverk Sande (V).

Ein må også hugse å melde seg på det populære arrangementet.

– Alle utviklingshemma i området vårt er inviterte, både dei som er på institusjon og dei som bur heime. Dei som bur heime er det ikkje så lett å nå tak i med invitasjon, så der ber vi dei føresette om å ta kontakt for påmelding. Det kan dei gjere gjennom kulturkontoret i Vanylven.

Monsiaden