– Det er veldig positivt at ein nyttar seg av stiane og turpostane i området her, seier Tor Magne Gangsøy i Ytre Nordfjord Turlag, som har hatt totalt 10.677 besøk i Vintertrimmen.

– Det er veldig mykje folk ute og går, og dette er jo berre eit knippe av plassane vi har her i Vågsøy og Selje der folk kan registrere seg, seier Gangsøy.

– Då var det finvêret som gjorde det. Vi hadde ein fin haust i fjor, som løfta litt interessa for folk å komme seg ut. Ein vil nyte dei siste dagane før vinteren kjem. Det vi driv med her på Vestlandet er jo veldig vêravhengig, smiler Gangsøy.

Ekstra motivasjon

I 2014, sist toppår, var det kring 150 påmelde til Vintertrimmen. Til saman var det registrert 10.533 besøk.

– Eg synest det står meir respekt av dei tala, seier Gangsøy.

Denne sesongen har YNT seld 380 vintertrimkort, langt fleire enn tidlegare.

– Eg trur ikkje det berre er finvêret. Folk får nok ein annan motivasjon med eit klippekort i handa.

Større interesse

Han merkar også meir interesse for turar i fjellet.

– Ein får mykje meir spørsmål om stimerking og nye plassar å gå enn det har vore før.

Og han vil gjerne ha endå fleire med på fjellet.

– Vi vil nå ut til så mange som mogleg, og gjerne folk som ikkje likar å gå aleine. Då kan ein vere med på plassar som Hornelen til dømes, fjell du har lyst å gå på, men som du kanskje ikkje går aleine.

Nytt denne sesongen er at Kvamefjellet er med.

– YNT dekker jo Vågsøy og Selje, så derfor prøvar vi å få med toppar i Selje også, seier turleiaren.

Vintertrimmen

Består av følgjande fjell ein skal gå i perioden 1. oktober-15. mai: Kjeretoppane, Kletten, Skadebakken, Veten, Brurahornet, Gottrøysa, Børahornet, Hestetinden, Hanekammen, Sunnivahornet, Skongenes fyr, Rystestøylen, Salen og Kvamefjellet.