– Før kampen snakka vi om at det kom til å bli ein vanskeleg kamp, så då er det spesielt godt å ta med seg ein seier, fortel Ingo da Silva, som med ei scoring på overtid sørga for at Selje slo tabelltrear Kaupanger på heimebane.

Heimelaget starta kampen med å ligge lågt for å sjå kva gjestane varta opp med. Men etter å ha vunne nokre ballar, vaks sjølvtilliten.

– Vi begynte å tore litt meir og angripe dei. Det førte til at vi fekk det første målet i kampen, forklarar da Silva.

– Vi jobba for å vinne kampen, og hadde fleire sjansar. Til slutt lukkast vi då eg vart spelt gjennom av Martin Nygård. Eg kom åleine med keeper, runda han, og sette ballen i mål, smiler matchvinnaren.

– Sandane er eit lag som scorar mykje mål og slepp inn lite. Det blir ein spennande og vanskeleg kamp. Det hadde vore veldig godt med ein seier til før ferien, men vi får sjå kva folk vi har med, seier da Silva.

KAMPFAKTA

5. divisjon, menn

Selje–Kaupanger 2–1 (1–0)

Mål: 1–0 (34) Ole Andreas Solheim, 1–1 (53) Kristian Hauståker, 2–1 (90+2) Ingo da Silva Dommar: Rune Haugland, Haugen

Gult kort: ingen

Selje: A. Kvernevik, J. A. Gulbransen, J. Osmundsvåg, J.-K. Apelseth, K. Aam Hamre, M. Nygård, M. Osmundsvåg, I. da Silva, J. Beitveit, O. A. Solheim, M. Rye

Innbytarar: K. Haugen, H. Hoddevik, S. Frekøy Drage, R. Tunheim Aarsheim, O. Austring