– I dokumentaren fortel vi historia fra Sykkel-VM i Oslo i 1993 og fram til Sykkel-VM i Bergen i haust, seier Aarre, og legg til:

Eidaren har brukt mykje av tida etter at han var reporter under OL i Rio og Sykkel-VM på dette prosjektet.

Dokumentaren, som har fått namnet «Det norske sykkeleventyret» skal etter planen gå på TV like før Sykkel-VM startar i Bergen.

– Thor Hushovd har sjølvsagt ein framtredande rolle i dokuen, men dei aller fleste som har vore sentrale i sporten dukker opp undervegs, fortel han.