– Årets ritt har færre fjell og færre tempokilometer enn dei siste åra, men fordelen med det er at rittet sannsynlegvis blir jamnare mykje lenger. Dei siste åra har Team Sky eigentleg gjort som dei vil. I år ligg det an til ein mykje tettare kamp om den gule trøya, spår Aarre.

I tillegg peikar eidaren på at rittet for første gong på 25 år skal innom alle dei fem franske fjellkjedene.

– Det er gøy for nerdar som oss, smiler han.

Tvilar på norsk etappesiger

Årets Tour de France, som er den 104. i rekka, inneheld ni flate etappar, fem kuperte etappar med tre fjelltoppavslutningar, to individuelle etappar og to kviledagar.

Sykkelentusiasten frå Nordfjordeid har ikkje stor tru på norske etappesigrar i år, men har likevel peika seg ut nokre strekker der nordmennene kan ha ein sjanse.

– Etappe 2 til 6 skal passe Kristoff og/eller Boasson Hagen bra. Pluss etappe 10, 11, 14 og 16. Med andre ord er det mange moglegheiter. Spørsmålet er om dei er gode nok.

Personleg gler Aarre seg mest til den tolvte etappen, som strekk seg 214 kilometer frå Pau til Peyragudes.

– Dette er ein knallhard etappe i Pyreneane, den mest pittoreske fjellkjeda, og fullstendig galne basiske fans langs vegen. Det er alltid eit høgdepunkt, slår han fast.

Byr på mange høgdepunkt

Journalisten peiker på fleire høgdepunkt, som han meiner dei norske TV-sjåarane bør få med seg.

– Opningsetappen i Düsseldorf. Der kjem det til å bli eit folkeliv av ei anna verd. Den siste etappen i Paris er alltid eit show ein bør få med seg, og det same er «kongeetappen», den 18. etappen, til Izoard, seier Aarre, og forklarar:

– Kven trur du stikk av med den gule trøya til slutt?

– Hjartet mitt seier Alberto Contador. Hovudet mitt seier Chris Froom.