– Eg fekk lyst til å oppgradere til Pro ET. Då brukar ein ti sekund på 402 meter. Med bilen min er toppfarten 170 km i timen, fortel Kristin Solberg frå Svelgen, som berre kjenner til tre andre kvinner som køyrer Pro ET.

– Den første gongen var såpass skremmande at eg ikkje følte heilt for å gi full gass, men så får ein litt konkurranseinstinkt. Då er det berre å trykke på, og det er berre gøy!

Kristin er tante til Madelen Sagmo, som køyrer junior dragster. Her frå Svelgentreffet i sommar.

Det beste med å sitje bak rattet i ei rasande fart, er meistringskjensla.

– Den kjensla er god, og ein beviser litt for seg sjølv at dette klarar eg.

Solberg kjem frå Svelgen, og etter nokre år vekke flytta ho tilbake i 2001.

Solberg er mellom anna sekretær i Svelgen Amcar. – Eg var i teamet til Henning Karlsvik, som har køyrt i mange år, og så tok mannen min lisens for nokre år sidan, og då fekk eg lyst til å prøve.

Solberg fortel at det ikkje er så mange kvinner som driv med dragracing.

– Men no har Norsk bilsport begynt med noko som heiter «Jenter i farta» der dei jobbar for å få fleire jenter inn i sporten. Blant juniorar er det mange jenter, seier ho.

Kristin tok lisens på Pro ET på Gardermoen Raceway tidlegare i år.

Solberg er også tante til Madelen Sagmo, som har køyrt junior dragster nokre år.

– Det er klart at ho synest det er kjekt at tanta køyrer. Det er ei aukande interesse blant dei yngre.

– Om ein er damer på over 40 år, eller jenter på 10, så er det berre å møte opp. På Gardermoen Raceway er dei veldig behjelpelege, og du får låne bil.

Sjølv skal ho delta i neste NM-runde i månadsskiftet, der ho er ei av to kvinner av dei 22 påmelde.

– Eg håpar å køyre full NM-runde neste år.