Minichallenge er eit barneløp som går av stabelen etter Selje Challenge no på laurdag, men både idrettslaget og skulemusikken som arrangerer løpet er klare på at Minichallenge skil seg frå «vaksenløpet» og er utan tidtaking og resultatlister.

Og alle som vil vere med er velkomne til å delta.

– Alle som deltek er vinnarar og får premie, uansett. Løpet vert arrangert for born opp til og med 12 år, melder arrangørane.

Ungane som ønskjer å vere med og springe, må møte opp ved klubbhuset i Selje. Derfrå går løypa dei skal gjennom opp trappene til Risnakken, og ned langs Nedre Djupedalen. Målområdet vert ved Selje stadion.

Idrettslaget og skulemusikken fortel at det vert saftstasjon på toppen ved Risnakken, og det vil også bli drikke til alle deltakarane ved mållinja på stadion før ei felles premieutdeling.