– Både det raude kortet som vi fekk, og det Haugen fekk, var strengt dømt. Eg føler dommaren hadde eit markeringsbehov, seier Flatraket/Selje2-trenar Asle-Knut Gangeskar.

Sjølv om avgjerda til dommar Abdinazir Mahamed Abdi førte til at heimelaget måtte spele med ein mann mindre i delar av kampen, vant dei oppgjeret. Gangeskar er godt nøgd med spelarane sine.

– Haugen tok oss litt på senga i opninga, men vi kom meir og meir med i kampen og produserte store sjansar. Dei scora det første målet, men så begynte vi å spele fotball. Vi dominerte ganske bra og hadde feite sjansar som vi ikkje klarte å sette, fortel Gangeskar.

– Andreas Kvernevik gjorde ein kjempekamp. Vi lukkast med viljen til gutane og det taktiske, seier han.

I løpet av sommaren og framover vil Flatraket/Selje2 miste nokre spelarar som skal i militæret og på skule, men det uroar ikkje trenaren.

–Vi får sjå kva vi klarar å stable på beina, men vi skal klare å fullføre sesongen. Vi er berre og blått eit lag for bygda.

Med ein seier fekk laget og spelarane den perfekte starten på Flatraksfestivalen som gjekk av stabelen denne helga.

KAMPFAKTA

6. divisjon, menn

Flatraket/Selje 2 – Haugen 4–1 (1–1)

Mål F/S2: Martin Nygård 2, Roger Nygård og Kenneth Pedersen

Mål H: Lasse Englund Espe

Dommar: Abdinazir Mahamed Abdi, Eid

Gult kort: to til Flatraket/Selje2

Rødt kort: Kenneth Pedersen, Flatraket/Selje2 og Henrik Espelund Myklebust, Haugen