– Selje vinn ofte på heimebane, og her plar det ofte tikke inn litt mål. Det blir ein kamp om å halde seg i divisjonen i år. Det er tett nede i botnen, så då kjem heimepoenga godt med, seier Solheim.

Han har eigentleg har lagt opp, men var med i kampen mot Bjørn. Der var 26-åringen med på å sikre sigeren med eit hattrick.

–Det er alltid kjekt å få nokre mål, men det var laginnsatsen som gjorde at vi fekk sigeren.

Bjørn tok tidleg leiinga i kampen, sjølv om det var Selje som spelte mest ball og var gode i opninga av kampen.

– Vi jobba godt kollektivt og slapp dei til lite sjansar. Dei hadde nesten ingen sjansar utanom to dødballar som dei scora på, fortel Solheim.

– Etter at vi scora 2–1 målet, så balla det på seg. Lufta gjekk litt ut av ballongen for Bjørn, og vi kunne eigentleg gjere som vi ville. Det kunne fort blitt både ti-tolv mål på oss, slår Solheim fast.

Han meiner Selje har gode sjansar til å halde seg i divisjonen, om dei held fram dei same taktene som mot Bjørn.

– Viss alle vise den same innsatsen som dei gjorde i helga, så kan det gå bra. Det handlar om at alle er på og viser innsats og guts. Då kan ein slå alle, konstaterer Solheim.

KAMPFAKTA

5. divisjon, menn

Selje–Bjørn 7–3 (1–1)

Mål: 0–1 (20) Hermund Myklemyr, 1–1 (31) Johannes Osmundsvåg, 2–1 (51) Ole Andreas Solheim, 3–1 (59) Solheim, 4–1 (61) Solheim, 5–1 (67) da Silva, 6–1 (70) da Silva, 6–2 (71) Lars Thorsnes Lefdal, 7–2 (73) Are Berstad, 7–3 (77) Lefdal

Dommar: Steve Sibondagara, Eid

Gult kort: Johannes Osmundsvåg, Selje, samt eit til Bjørn

Selje: T. Lesto Larsen, J. A. Gulbrandsen, J. Osmundsvåg, J.-K. Apelseth, K. A. Hamre, A. Berstad, M. Lesto Larsen, M. Osmundsvåg, J. Beitveit, I. da Silva, M. A. Rye

Innbytarar: O. A. Solheim, A. Teigen, S. Osmundsvåg, K. Pedersen, A. Hove, H. Hoddevik