– Det er ikkje så mykje å ta med seg frå kampen mot Stryn. Eg veit ikkje om folk vart slitne etter kampen ein gong. Så vi må stryke den, og så får vi forhåpentlegvis få ei god treningsveke inn mot den viktige kampen mot Dale, seier Mjølkeråen.

Møtte tøff motstand

Kampen som kapteinen helst vil gløyme vart spelt på Bremanger stadion laurdag. Sjølv om Mjølkeråen meiner heimelaget kom seg inn i kampen etter kvart, var det serieleiaren frå Stryn som dominerte.

– Vi vart eigentleg køyrt hardt frå starten av, men så kom vi oss meir inn i kampen midtvegs, fortel han.

– I pausen snakka vi om at vi måtte tørre å spele meir, og at det var viktig at vi ikkje la oss ned på, men at vi hadde trua på oss sjølve, forklarar kapteinen.

Pausepraten såg ut til å ha gitt raudtrøyene ny energi, og ifølge Mjølkeråen starta bremangarane andre omgangen veldig bra.

– Vi køyrde dei og hadde både eit stolpeskot og fleire gode avslutningar. Hadde nokre av desse gått inn, så kunne vi gitt dei meir kamp.

Men i staden for at heimelaget reduserte, auka stryningane leiinga ved Hopland, som med denne scoringa sikra eit seg eit hattrick.

– Etter at dei sette inn 4–0 scoringa køyrde dei kampen, konstaterer kapteinen.

– Vi mangla åtte spelarar og vi møtte serieleiaren, men 0–6 er eit kjedeleg resultat.

Nøkkelkamp

Etter 13 spelte kampar i Kretsligaen ligg Bremanger på ein 8.-plass på tabellen. Dale låg, før Skavøypoll og Førde2 spelte mot kvarandre måndag kveld, på 9.-plass, fire poeng bak raudtrøyene.

– Dale er ein nøkkelkamp. Vinne vi den får vi ei luke ned til dei. Vi er nede i sumpen, og vi må jobbe hardt for å kome oss ut av den, slår kapteinen fast.

– Vi får ta kamp for kamp og prøve å vinne. Eg satsar på vi skal klare å slå Dale, seier Mjølkeråen, og legg til:

– Vi skal møte både Sogndal2 og Florø2, og eg trur ikkje at vi skal rekne med å hente så mykje poeng i desse kampane, så det gjer det desto viktigare å vinne mot Dale. Målet vårt no må vere å klare å halde oss i divisjonen.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Bremanger–Stryn 0–6 (0–3)

Mål: 0–1 (17) Jonas Denk, 0–2 (28) Vegard Hopland, 0–3 (39) Hopland, 0–4 (63) Hopland, 0–5 (68) Erling Tenden Myklebust, 0–6 (79 str.) Mads Wie

Dommar: Markus Nybø Bakke, Eid

Gult kort: Martin Svarstad og Ntge Aruna Cone, begge Bremanger, samt tre til Stryn

Bremanger: Ø. Langeland, O. Igland, E. Frøyen, H. Mjølkeråen, M. Igland Senneset, M. Svarstad, H. Rosø, S. Hamre, G. Larsen, M. Hauge, N. A. Cone

Innbytarar: T. Berhane, M. Hammersland, K. Lågeide