– Det var ein dårleg kamp frå vår side. Ikkje noko positivt å ta med seg, seier Lefdal.

Med Eidamessa og tivoliet som næraste nabo til ein stadion bada i sol og eit oppgjer mot Høyang, som ligg nedst på tabellen, låg alt til rette for ein festdag for gultrøyene. Men slik gjekk det ikkje.

– Det var seier som gjaldt i den kampen, seier ein tydeleg skuffa Lefdal.

Gjestane opna kampen med mange mann i forsvar, og det kunne verke som Høyang ville forsvare seg til poeng. Etter halvtimen spelt kom gjestane meir inn i kampen, og det var sjansar til begge lag, men ingen av laga fekk utteljing.

Sju minutt inn i andre omgang losna det for eidarane. Joakim Vedvik sette hovudet på ballen på bakarste stolpe etter eit innlegg frå Espen Rosø.

To minutt seinare utlikna Høyang. Målet kom etter eit frispark ved cornerflagget til heimelaget.

– Vi hadde ballen heile tida og skapte nokre farlege sjansar. Vi hadde god kontroll bak, men vi var ikkje gode nok framme, understrekar Lefdal, som var ein av dei som hadde fleire sjansar til å avgjere kampen.

– Eg hadde ein straffebom på 1–1. Hadde eg scora hadde vi vunne kampen, det er eg heilt sikker på. Men det var ingenting som stemte i denne kampen, påpeikar spissen.

No vil han gløyme kampen mot tabelljumboen å sjå framover mot neste kamp.

– Vi må sjå mot Florø2. På tabellen kan vi hamne på alt får 3.- til 6.-plass. Vi har moglegheiter til å ta igjen både Florø2 og Årdal, konstaterer Lefdal.

** Trenar Dan Jøran Hafsås var bortreist i helga, og Magnus Sævik var trenar for Eid-laget i kampen mot Høyang.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn Eid – Høyang 1–1 (0–0)

Mål: 1– 0 (52) Joakim Vedvik, 1–1 (54) Mads O. Loftesnes

Dommar: Rune Haugland, Haugen

Gult kort: Runar Lillestøl Naustdal, Eid, samt eitt til Høyang

Eid: E.-A. Røysen, M. Ferej Yassin, A. Hagen Henden, H. Holmøyvik, R. Lillestøl Naustdal, E. Wik Leite, H. Haugen, D. Haus, E. Rosø, K. Lefdal, S. Hafsås

Innbytarar: J. Vedvik