– Eg visste det var ein kamp som kom til å bli vanskeleg for oss. Grasbana i Jølster er ei veldig tung bane, og spesielt for spelarane som trenar og spelar på ei heilt annleis matte heime i Selje, forklarar trenar Marko Tanasic.

Allereie på oppvarminga såg Selje-trenaren at spelarane hans reagerte.

– Ein må ha litt meir kondisjon og teknikk når ein spelar på ei slik matte. Ballen går ikkje som den gjer på Selje idrettspark, påpeikar han.

I første omgang opna gjestane greitt, ifølge trenaren, men det tok ikkje lange stunda før seljeværingane gjekk inn i ein tung periode. Bortelaget måtte gå til pause på stillinga 3–0.

I andre omgang reduserte gjestane først ved Mikal Osmundsvåg. Målet kom etter ein fin overgang, som til slutt endte med at Osmundsvåg kom aleine med keeper.

Jølstringane sitt 4-1-mål kom etter eit flott langskot frå om lag 40 meter. Litt seinare i omgangen sørga Kenneth Pedersen, etter eit innkast, for nok ei redusering. Trass i reduseringane måtte gjestane sjå seg slått 4–2.

– Gutane kom litt tilbake i andre omgangen. Vi fekk inn nokre innbytarar med friskare bein. Vi hadde med oss ein stor tropp på 18 spelarar, men eg ville ikkje bruke alle på denne bana sidan dei er veldig unge. Det var ein tung og vanskeleg kamp, og eg kan ikkje klage på innsatsen til gutane, den var heilt ok, understrekar Tanasic.

KAMPFAKTA

5. divisjon, menn

Jølster–Selje 4–2 (3–0)

Mål: 1–0 (37) Trond Ripe, 2-0 (44) Vegard Flatjord, 3-0 (45) Øystein Heggheim, 3-1 (55) Mikal Osmundsvåg, 4-1 (75) Heggheim, 4-2 (79) Kenneth Pedersen

Dommar: Ståle Sandal, Breimsbygda

Gult kort: Johannes Osmundsvåg og Odin Austring, Selje, samt eitt til Jølster

Selje: T. Lesto Larsen, J. A. Guldbrandsen, J. Osmundsvåg, J.-K. Apelseth, K. A. Hamre, M. Lesto Larsen, M. A. Rye, J. Beitveit, K. Haugen, J. Refvik, K. Pedersen.

Innbytarar: I. da Silva, O. Austring, M. Osmundsvåg, K. Rundereim