– Det viser at vi har noko når vi leiar mot nokon som er heilt i toppen av tabellen. Vi er i alle fall ikkje heilt vekke, seier Espen Sandal, som scora utlikningsmålet for Skavøypoll.

Han seier målet framleis er å halde seg i divisjonen.

– Vi viste i kampen at vi har ferdigheiter i laget. Vi må berre gjere alt vi klarar i dei siste kampane for å unngå nedrykk, slår Sandal fast.

Han er ikkje skuffa etter tapet for stryningane fredag.

– I første omgang gjorde vi ein veldig god kamp. Eg er eigentleg fornøgd med kampen. Vi hadde ei veldig god haldning i laget, meiner indreløparen.

Sterk første omgang

Det var heimelaget som kom best i gang. Etter to spelte minutt på Stryn stadion sørgja Vegard Hopland for at oktoberfesten kunne starte tidleg. Hopland var aleine med keeper og sette ballen sikkert i mål.

Men Polljen ville gi Stryn kamp. Seks minutt etter første scoring utlikna Espen Sandal med ei flott scoring. Sandal slapp lett til utanfor 16-meteren og banka ballen i Stryn-keeperen sitt venstre hjørne.

– I første omgang følgde vi planen med å ligge kompakt defensivt, samstundes som vi var aggressive i presset og satsa på kontringar. Det funka veldig bra, seier Sandal.

15 minutt ut i andre omgang kom heimescoring nummer to. Jon Terje Tjellaug noterte seg nettkjenninga etter ei pasning frå toppscoraren Mads Wie.

Fem minutt seinare var det Wie sjølv som sette ballen i gjestane sitt mål. Same mann sørga for 4–2 etter 77 minutt inn i kampen.

– I andre omgang klarte vi ikkje å kome opp på det nivået vi var på i første. Det verka til at første omgangen kosta mykje. Etter pausen var det dei som styrte, men vi hadde to store moglegheiter, fortel Sandal.

Full forvirring

Rett før fulltid på Stryn stadion fekk heimelaget straffe. Situasjonen oppstod etter at stryningane slo ein corner, og dommaren blåste av medan ballen var i lufta.

– Eg trudde dommaren hadde blåst for eit frispark, alle stoppa opp og eg tok ballen med henda. Då blåste dommaren straffe. Ingen skjønte kva som hadde skjedd. Wie tok straffa og bomma med vilje. Det var veldig fair-play av stryningane, understrekar Sandal.

Om dette gav Wie god karma eller ikkje kan ein ikkje svare på, men same mann sørgja for å fastsette sluttresultatet 5-2, fire minutt etter straffemissen.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Stryn – Skavøypoll 5–2 (1–2)

Mål: 1–0 (2) Vegard Hopland, 1–1 (8) Espen Sandal, 1–2 (23) Børge Yndestad, 2–2 (60) Jon Terje Tjellaug, 3–2 (64) Mads Wie, 4–2 (77) Wie, 5–2 (90+2) Wie

Dommar: Markus Nybø Bakke, Eid

Gult kort: Sondre Myre Silden og Tor-Erik Tvendeseter Kupen, begge SIL, samt tre til Stryn.

Skavøypoll: A. M. Hagen Kvalvåg, L. Nygård, B. Yndestad, E.-R. Flataker, Er. Sandal, M. Henriksen, K.-A- Gangeskar, Es. Sandal, S. Myre Silden, T.-E. Tvendeseter Kupen, St. Silden

Innbytarar: K. O. Volle, R. Solvang, M. Henriksen, M. Tvendeseter Kupen, Y. Hagen