– Det er ikkje ofte ein ser slike scoringar på dette nivået. Eg har aldri sett eit betre mål live, seier Bremanger-trenar Morten Ferstad om brassesparket til Martin Klakegg Hauge.

Det var ti minutt ut i andre omgang på stillinga 0-1 at Klakegg Hauge, etter eit innlegg frå Martin Senneset, kasta seg bakover og brassesparka ballen i krysset bak Vik-keeper Stig Roar Hovland. Men dette var langt frå den einaste perla på Bremanger stadion laurdag.

Fire minutt inn i kampen var det keeper Hovland som som på eit utspark frå eigen 16 meter sette ballen i bremangarane sitt mål. Seinare i kampen vart han sjølv overlista av ein corner som heimelaget sin Tobias Lyngstad skrudde direkte i mål frå cornerflagget.

– Det var artige scoringar og det var kjekt for oss å spele ein kamp der vi kom til mykje gode sjansar. Det var kjekt å score litt mål, og ikkje minst å vinne, understrekar Ferstad.

Tok eit viktig steg

Dette var den første sigeren til bremangarane ettera sommarferien, og trenarane har på førehand uttalt at kampen mot Vik var ein nøkkelkamp for å klare å halde seg i Kretsligaen.

– Det er så enkelt at om vi ikkje hadde vunne mot Vik, så hadde vi hamna på ein 10.-plass, og hatt to poeng opp til Skavøypoll, seier Ferstad.

– Vi har ein viktig kamp mot Førde2 neste helg der det er godt mogleg å ta poeng. Det var Vik- og Førde2-kampen vi på førehand har sett på som viktige kampar som vi er nøydde til å vinne, seier Ferstad.

Fem ulike målscorarar

Som nemnt var det gjestane som først kunne notere seg ei scoring på Bremanger stadion. Trass i at vertane pressa på og hadde store sjansar i første omgang fekk dei ikkje utteljing.

– Vi følte vi dominerte kampen frå start til slutt. Det målet dei fekk var ikkje akkurat ein målsjanse, fortel Ferstad.

Men etter pausen losna det for raudtrøyene. Først kom brassescoringa til Klakegg Hauge og cornermålet til Lyngstad. Bremangarane gav seg ikkje der. 22 minutt ut i andre omgang kom Ntege Cone aleine med keeper. Han kom seg forbi og sette ballen trygt i mål.

Bremanger-trenarane Tore Førde Rylandsholm (t.v.) og Morten Ferstad gjorde endringar i laget før nøkkelkampen mot Vik. – Det har funka veldig bra, slår Ferstad fast.

Fleire spelarar ønskte å melde seg på målfesten, og eit minutt på overtid heada Håvard Mjølkråen inn 4-1. Tre minutt seinare fastsette Eirik Rylandsholm sluttresultatet til 5-1.

– Vi hadde fem ulike målscorarar. Cone har scora mykje, så det var veldig kjekt at andre melde seg på, seier trenaren.

– Det skal seiast at Vik var ganske svake, men det er viktig å køyre desse kampane også, legg Ferstad til.

Sist bremangarane kunne feire sein seier var etter oppgjeret mot Sogndal2 17. juni.

– Etter at det har gått ganske dårleg ein periode har vi flytta litt rundt på spelarar og er ganske fornøgde med det. Eksempelvis har vi brukt Lyngstad og Cone mykje på kant, men no er dei i ei rolle der dei kan sprudle meir offensivt og slepp å ta så mykje av jobben defansivt.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Bremanger - Vik 5–1 (0–1)

Mål: 0–1 (4) Stig Roar Hovland, 1-1 (55) Martin Klakegg Hauge, 2-1 (61) Tobias Lyngstad, 3-1 (67) Ntege Cone, 4-1 (90+1) Håvard Mjølkeråen, 5-1 (90+4) Eirik Rylandsholm

Dommer: Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Fjøra

Gult kort: Gøran Larsen, Bremanger, samt fire til Vik

Bremanger: Ø. Langeland, V. Senneset, M. Svarstad, E. Færestrand Frøyen, W. Høivik, M. Klakegg Hauge, S. Hamre, T. Rylandsholm, M. Igland Senneset, T. Lyngstad, N. Cone

Innbyttere: K. Lågeide, G. Larsen, E. Rylandsholm, M. Hammersland, H. Mjølkeråen